Vi tjuvstartar markeringa av 8. mars med Kunsttorsdag – kvinnedagen spesial:
Museumsleiar Mayra Henriquez og kunsthistorikar Renate Rivedal i samtale om kvinnelege kunstnarar i eit historisk perspektiv, feminisme i kunsten og vegen vidare!
Kvinnelege kunstnarar har vorte skrive ut av kunsthistoria, dei har vorte nedgradert på grunn av sitt kjønn, likevel har dei bana veg og tilført kunsten nye materiale, nye teknikkar og ikkje minst har dei tilført ein ny synsvinkel til kunsten. På 1960 og 1970-talet sto kvinnene og kunstnarane på barrikadane, men kvar står vi i dag? Er feministisk kunst framleis noko norske kunstnarar er oppteken av? Eller er det eit utdatert tema? Har vi nådd eit punkt der vi meinar vi har oppnådd likestilling og fokuset er på andre tema?
Samtalen vil føregå innerst i museumsbutikken, her riggar vi til bord og stolar og hyggeleg stemning. Kafè Sobra held ope denne kvelden, kjøp gjerne med drikke og ta med inn til arrangementet.
Dørene opnar kl 18.00. Ute i god tid? Ta ei runde i utstillingane før arrangementet startar. Velkomen!
Vaksen 130 kr
Honnør / Student 100 kr
Årskort 50 kr (rabattert billett for dei med årskort i Musea i Sogn og Fjordane)
Born / Ungdom Gratis
Arrangementet er plassbegrensa. Kjøp/reserver billett via lenke øverst.