Nikolai Astrup: Jordbunden
Jølster var livsprosjektet til Nikolai Astrup. Sjølv sa han at «Jeg er kanskje en av det mest sted- og jordbundne malerne i hele landet», og kunstnaren gjekk nye vegar for å flette staden sin eigenart inn i kunsten sin. På Sandalstrand smelta kunsten og livet seg saman. Då Astrup slo seg ned på den gamle husmannsplassen, i den bratte lia på sørsida av Jølstravatnet, gjekk han straks i gang med å omskape heile miljøet etter sine eigne ideal og kreative impulsar. Astrup forma jorda og trea, og han planta «alle mulige og umulige planter», som han sjølv uttrykte det, i hagen. I utforminga av heim og hage skapte Astrup ein ny motivserie i kunsten sin – som også er heilt unik i kunsthistorisk samanheng. Inngrepa i landskapet var alltid utført med størst mogleg omsut for naturen. Her trer også Astrup og hans kunst hans fram som relevant i vår eiga tid, der berekraft, miljø og klima er viktige stikkord.
I foredraget ser Tove Haugsbø nærare på forholdet mellom kunsten og landskapet i Nikolai Astrup sin motivserie frå Sandalstrand og kva aktualitet kunstnarskapet har i dag.
Tove Haugsbø er seniorkurator og fagansvarleg for Nikolai Astrup forskingssenter ved Kode i Bergen. Ho starta karrieren som vert på Astruptunet i 2005, og ti år seinare forsvarte ho PhD-avhandlinga «Fortida gjennom notida. Nye perspektiv på Nikolai Astrup sin kunst» ved Universitetet i Bergen. Sidan den tid har Haugsbø bidratt i ei rekke Astrup-prosjekt og for tida arbeider ho med ein digital resonnerande katalog over Astrup sin kunst: https://nikolai-astrup.no/nb
Kunsttorsdag gjev deg inngang til kveldens program og alle utstillingane med vanleg billett. Sikre deg eit årskort, så kjem du gratis inn på alle utstillingar og kunsttorsdagar i 2023!