Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/20250116_161038.jpg.

Kunsttorsdag: Teiknekveld for vaksne!

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Velkommen til ein leiken teikneverkstad for vaksne! 

Med utgangspunkt i portrett etter modell, får du denne kvelden øvd opp auge-hand-koordinasjonen i tillegg til teikne-teknikken din.

Minikurset passar både for deg som er ein erfaren teiknar og for deg som aldri har prøvd å teikne portrett før. Målet for kvelden er å lære seg å sjå og teikne det auget ser. Vi skal leike med blyant og ha det moro! Ingen forkunnskapar krevst, du vil få rettleiing av kurshaldar Magne Vangsnes undervegs.

Denne teiknekvelden får vi to modellar å teikne etter, ein mann og ei kvinne. Alt du treng av teikneutstyr er inkludert i billetten, men ta gjerne med eige utstyr om du føretrekk det.

Dørene opnar kl.18:00, kjøp deg gjerne noko å drikke før kursstart kl 18:30. Baren er open gjennom heile teiknekvelden.

OBS: Kurset er plassbegrensa til 24 deltakarar, sikre deg billett før det blir fullt!

kunstmuseet/kunsttorsdag_teiknekveld.jpg.
Over: frå ein teiknekveld tidlegare i år. Vi gler oss til å gjenskape den hyggelege stemninga med uformell teikning rundt borda. Det vert mogeleg å kjøpe seg noko å drikke gjennom kvelden.

Billetten inkluderar også inngong til utstillinga «Gjenklang» av Linda Soh Trengeried, i Høgsalen (1. etasje).

Billettinfo

Vaksen 295 kr 

Vaksen med årskortrabatt 210 kr

Student 170 kr

Det du treng av teikneutstyr er inkludert i billetten. Har du eige teikneutstyr du føretrekk å bruke, kan du sjølvsagt ha med dette.

Om kurshaldaren

Magne Vangsnes er busett i Spania, men kjem opprinneleg frå Vangsnes i Vik. Vangsnes har arbeidd som grafikar i fleire tiår, og utvikla det han kallar skulpturell grafikk, ein kombinasjon av ulike eksperimentelle grafiske metodar. Han arbeider også med installasjonar i galleri og landskap. Vangsnes har vore engasjert i arbeid med både lokale og sentrale kunstnarorganisasjonar og hatt undervisningsstillingar.

kunstmuseet/magne-vangsnes_sk.jpg.
Magne Vangsnes er ein erfaren og svært triveleg kurshaldar, sjå fram til ein kjekk og uformell teiknekveld på museet!

Planlegg besøket ditt

Kjøp billett

Opningstider

1. august — 31. desember
Tysdag-sundag 11-16
Måndag STENGT

Prisar

  • Barn 0–17 år: Gratis
  • Student/Honnør: 100 kr
  • Vaksne: 130 kr
  • Gruppe (15+*) min 15 pers.: 110 kr

Her er vi

Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Storehagen 1A
6800 Førde