Velkommen til ein leiken teikneverkstad for vaksne!
Med utgangspunkt i portrett og ein uhøgtideleg prosess i fleire fasar får du denne kvelden øvd opp auge - hand koordinasjonen i tillegg til teikne-teknikken din.
Minikurset passar både for deg som er ein erfaren teiknar og for deg som aldri har prøvd å teikne portrett før. Målet for kvelden er å lære seg å sjå og teikne det auget ser. Vi skal leike med blyant og ha det moro! Ingen forkunnskapar krevst, du vil få rettleiing av kurshaldar Magne undervegs.
Slik gjer vi det:
Vi sit mot kvarandre, to og to eller fleire dersom det høver betre. Vi er utstyrt med store ark og mjuk blyant eller teiknestift, og teiknar portrett av kvarandre.
Først nokre raske omgangar der det ikkje er lov å sjå på papiret under prosessen. Vi ser og evaluerer og får det svært gøy og prestasjonsangsten er borte vekk!
Deretter går vi til verket med auge og medvit. Ein del barrierar er borte og lærdom og teknikk kan få plass!
Dørene opnar kl. 18.00 og det vert mogeleg å kjøpe seg noko å drikke frå Kafè Sobra under heile arrangementet. Kurset startar kl 18.30.
OBS: Kurset er plassbegrensa til 24 deltakarar, sikre deg billett før det blir fullt!
Vanleg billett 295 kr
Billett med årskortrabatt 195 kr
Det du treng av teikneutstyr er inkludert i billetten.
Magne Vangsnes er busett i Spania, men kjem opprinneleg frå Vangsnes i Vik. Vangsnes har arbeidd som grafikar i fleire tiår, og utvikla det han kallar skulpturell grafikk, ein kombinasjon av ulike eksperimentelle grafiske metodar. Han arbeider også med installasjonar i galleri og landskap. Vangsnes har vore engasjert i arbeid med både lokale og sentrale kunstnarorganisasjonar og hatt undervisningsstillingar.