Mørketid og Halloween er rett rundt hjørnet – på tide å bli kreativ – kom på open verkstad og lag masker som lysar opp i mørket!
Ingen grunn til å kjøpe kostyme når du kan lage noko mykje kulare sjølv. Denne laurdagen kan du bli med på ein spennande og fargerik maskeverkstad. Her skal vi klippe, lime og konstruere eigne masker i papp – og dekorere med fluoriserande tusj. Med UV-lys får de teste maskene dykkar og sjå kunsten kome til liv i mørket – magisk og moro!

Kva er vel kjekkare enn å lage sitt heilt unike kostyme sjølv? Det er både berekraftig, kreativt og ei fin stund å dele saman med vener eller familie. Verkstaden passar for alle, born må ha følgje med vaksne. Vi stiller med alt du treng – inkludert limpistol og masse idéar!
Ta med fantasien og slå dykk laus på verkstaden – vi gler oss til å sjå kva slags masker de lagar!
Verkstaden og utstillingane er gratis for born i følge med betalande vaksen. Born under 12 år må ha følge av ein føresett på verkstaden.
-
For vaksne med årskort på museet er verkstaden gratis. Ellers gjeld vanleg inngangsbillett på museet, kjøp billett i resepsjonen ved ankomst. Vaksen 130 kr / Student, honnør 100 kr. Born 0-17 år GRATIS
-
Merk: alle som vil delta på verkstaden må registrere seg i resepsjonen først. Borna får utdelt sin gratisbillett der.
-
Førstemann-til-mølla-prinsippet gjeld for verkstadane. Er det mange som kjem samtidig må ein berekne litt ventetid før det blir ledig plass - vi gjer det vi kan for at alle skal få komme inn.
Full verkstad når du kjem? Ta ei runde i utstillingane på museet eller noko å drikke i kafeen medan de ventar.