Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/mine_henders_gjerningar_msf_01544_foto_henning_a.__hellebust.JPG.

Omvising i Nikolai Astrup: Mine henders gjerningar

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Omvising i utstillinga Nikolai Astrup: Mine henders gjerningar med Fridtjov Urdal!

Som tittelen spelar på var Astrup så mykje meir enn berre ein nytenkande målar og grafikar, han hadde stor omtanke for naturen og eksperimenterte og jobba fram sin eigen sjølvbergingshage. Med hendene skapte han slik si verd, som i dag er mogeleg å oppleve i Astruptunet. Kunst, tradisjonshandverk, sjølvberging og gjenbruk smeltar saman til ei unik verd – husa og hagen var også verka hans.

Med utstillinga her på kunstmuseet i Førde ønskjer vi å vise fram nye sider av Astrup, og på omvising vil du mellom anna få eit innblikk i "den nye" Astrup – korleis han utvikla seg under siste delen av kunstnarskapen.

Det er gratis å vere med på omvisinga så lenge du har inngangsbillett til museet. "Førstemann til mølla"-prinsippet gjeld, dei første 25 som melder seg i resepsjonen laurdag får plass.

Billett kan kjøpast når du kjem til museet eller på førehand her .