Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
To publikumarar ser på eit måleri i utstillinga Kunst i dei tusen heimar.

Omvisingar i utstillinga "Kunst i dei tusen heimar"

Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Med utgangspunkt i Strandamålarane si eventyrlege historie stiller kunstnarduoen Alt Går Bra store spørsmål om kunst i denne utstillinga. Vil du vite meir om Strandamålarane og kvifor det no heng over hundre innlånte Strandamåleri frå publikum i Høgsalen? Bli med på omvising!

Datoar for omvising:

  • Torsdag 30. mai kl. 17:00

  • Fredag 7. juni kl. 18:00 og kl. 19:00 (Kulturnatt)

  • Torsdag 27. juni kl. 17:00

  • Onsdag 3. juli kl. 19:30, Kunstvandring med kunstnarduoen Alt Går Bra (Førdefestivalprogram)*

  • Laurdag 13. juli kl. 13:00

  • Laurdag 27. juli kl. 13:00

  • Laurdag 10. august kl. 13:00

*Gratis for dei med festivalpass, årskort på museet, ellers gjeld vanleg inngangsbillett.

Billettinfo

Det er gratis å vere med på omvisingane så lenge du har inngangsbillett til museet eller årskort. Førstemann-til-mølla-prinsippet gjeld og oppmøtestad er resepsjonen i første etasje. Omvisinga varar ca. 45 min.