Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
Kunstnarduoen Alt Går Bra går ute i snøvær medan dei ber på to Strandamåleri.

Kunst i dei tusen heimar – Stig på!

Tidspunkt til
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Høgsalen

Kunne bilete du har heime hengt i Louvre-museet i Paris?

Kanskje ikkje, men i denne utstillinga vil kunstnarduoen Alt Går Bra sørge for at publikum sine bilete får ein plass på kunstmuseet – og eit av dei skal få spele Mona Lisa.

Høgsalen på kunstmuseet har omtrent same takhøgde som storslåtte Louvres Grande Galerie. Hjå oss vil publikum få sjå ein rekonstruksjon av korleis Mona Lisa vart synt fram i 1952 under 500-årsjubileet for renessansekunstnaren Leonardo da Vinci. Dette vert ei majestetisk framsyning, beståande av ei boge med søyler, og over hundre meter med fløyel drapert rundt eit podium for å framheve eit enkelt måleri. Ikkje med Mona Lisa så klart, men med eit strandamåleri i hovudrolla.

kunstmuseet/image-(2).jpg.
Mona Lisa, slik måleriet vart synt fram i Louvre-musèet i 1952. Frå 21. mars kan du sjå ein rekonstruksjon av dette storslåtte skuet i høgsalen på kunstmuseet. Ikkje Mona Lisa så klart, men med eit strandamåleri i hovudrolla.

Mot denne installasjonen vil publikum møte ein sofa frå 1960-talet omgitt av «tusen bilete»: Strandamåleri på utlån til kunstmuseet frå heimar i heile Sogn og Fjordane. Bileta omringar sofaen og kronar slik «stova». Her heng dei folkelege Strandamåleria stolt på museumsveggen. I ein symfoni av fargar og fredelege landskap står måleria som ei påminning om den gjevande verksemda til Strandamålarane, som ga håp og glede i tunge tider.

kunstmuseet/forembroydery1-1708424587.jpg.
Eit typisk Strandamåleri: orginale kunstverk som vart laga på "samleband" av bønder og fiskarar som ei attåtnæring på midten av 1900-talet. Om lag ein halv million slike måleri vart produsert og hengt opp på veggar i dei tusen heimar.

Mellom dei to monumentale installasjonane svevar eit lite mysterium. Der vil det henge eit bittelite, nærast usynleg fuglebur. Kva er meininga med dette buret, som sjølv ser ut til å fly i rommet som ein fugl? Kva er dei kvite kubene inne i buret?

Denne utstillinga tek opp fleire problemstillingar: kva er kunst og kva er ikkje kunst? Kva er kvalitet innan kunst? Kva er rolla til eit museum? Kva er ei utstilling og kvifor stiller vi ut på museum eller i heimen vår? Kva rolle spelar Strandamåleria i den kollektive førestillinga om det norske landskapet?

I museumsbutikken i første etasje vil det også være eit aktivitets- og opplevingsområde. Her vil publikum møte ein karusell der ein sjølv kan teste Strandamålerane sin arbeidsmetode. Kor raskt lagar du ditt eige landskapsmåleri?

kunstmuseet/bilde1-til-some.jpg.
Her ser vi korleis strandamalar John Hosøy brukar karusellen for å måle fleire bilder i høgt tempo. Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB

Kunst i dei tusen heimar – Stig på! opna 21. mars 2024 og

er den første delen av Alt Går Bras utstillingsprosjekt om Strandamåleria. Andre del opnar i museets 2. etasje 3. mai 2024.

For meir info om Strandamålarane og utstillingsporosjektet:

Om Alt Går Bra

Alt Går Bra er eit kunstkollektiv med base i Bergen og Paris. Deira arbeid har blitt stilt ut mellom anna i Nasjonalmuseet, Kode, Victoria and Albert Museum, Palais de Tokyo, University of Westminster. AGB sine arbeid er representert i Nasjonalmuseet, Kode og KORO sine permanente kunstsamlingar. I 2022 vart dei tildelt Subjektprisen som Årets kunstnar.  

Førdefestivalen logo.