Kunst i dei tusen heimar – Ovanpå
Utstillinga «Kunst i dei tusen heimar» skildrar Alt Går Bra si oppdagingsreise gjennom Strandamåleria si unike historie. I Høgsalen heng no over 200 innkomne Strandamåleri frå publikum, og utstillinga sin første del veks fortløpande. Her undersøkjer kunstnarduoen mellom anna kva som reknast som kunst, og kva som ligg i begrepet kunstnarisk kvalitet.
I del to, Ovanpå, reflekterar Alt Går Bra over kva ei utstilling kan vere. Gjennom å veve saman kunst og forsking, i samklang med innsamla kjeldemateriale, utforskar og utfordrar AGB utstillingsformatet. I Ovanpå vil publikum få sjå Alt Går Bra sine eigne kunstverk, installasjonar basert på det innsamla materialet om Strandamåleria og refleksjonar rundt Strandamålarane sin produksjon.
I etterkrigstida gjekk Strandamålarane sine idylliske, naive, eller som nokon vil hevde, realistiske bilete viralt. Strandamålarane si verksemd vart eit bidrag i utforminga av vårt felles verdsbilete. Eit forsøk på å framstille eit bilde av eit no og ei framtid som vil komme. - Alt Går Bra
Strandamålarane spegla ideen om det gode liv for sine medborgarar. I respons på samtidas nokså dystre verdsbilde ser AGB tilbake på dette kulturelle fenomenet frå distriktet. Gjennom produksjon og nasjonal spreiing av hundretusenvis av måleri, blei Strandamålerane ein vesentleg bidragsytar til danninga av eit kollektivt syn på både samtid og framtid. Ovanpå er på sitt vis ein repetisjon av Strandamålarane si rørsle, ein invitasjon til å fornye eit format, skape nye førestillingar og gjere dei til våre eigne.
Alt Går Bra er eit kunstkollektiv med base i Bergen og Paris. Deira arbeid har blitt stilt ut mellom anna i Nasjonalmuseet, Kode, Victoria and Albert Museum, Palais de Tokyo, University of Westminster. AGB sine arbeid er representert i Nasjonalmuseet, Kode og KORO sine permanente kunstsamlingar. I 2022 vart dei tildelt Subjektprisen som Årets kunstnar.