Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/forembroydery1.jpg.

Innsamling av bilete til utstillinga "Kunst i dei tusen heimar"

Tidspunkt til
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Har du eit liknande måleri av eit idyllisk landskap med ei lita hytte med røyk frå pipa, ein våg, rolege fjell i bakgrunnen? Då vil vi gjerne låne det og stille det ut i høgsalen her hjå oss på Kunstmuseet.

Vi visar ei stor utstilling med denne typen måleri, med frå 21. mars 2024. Konsept bak utstillinga er av kunstnarduoen Alt går bra og den skal heite «Kunst i dei tusen heimar». I tillegg til å vise fram dei innlånte bileta, lagar dei eigne kunstverk, installasjonar og skapar omgjevnader med lyd og video for å gjere synleg kva desse måleria betyr for folk.

Vi er ganske sikker på at det finst tusenvis av slike bilete her i Sogn og Fjordane, og håpar at mange av eigarane får lyst til å vere med på dette løftet, og låne oss bilda sine. Det er mogeleg å levere inn bilete til utlån heilt fram til 26. juli 2024. Installasjonen med dei innlånte maleria vil derfor vekse i løpet av utstillingsperioden. Siste utstillingsdag er 11. august 2024.

Vi gjer oppmerksam på at kunstnarkollektivet i visse tilfelle kan velge å ikkje inkludere innleverte bilete i utstillinga. Det gjeld til dømes om biletet visar seg å ikkje vere eit Strandamåleri eller om biletet er i for dårleg stand til å hengast opp. 

Vil du stille ut biletet ditt?

Slik går du fram

- Møt opp med biletet i resepsjonen på Kunstmuseet i Førde i opningstida.
- Du vil bli spurt om kva du veit om historia til bildet.
- Du får ei kvittering for utlånet.
- Vi stiller ut bildet.
- Du får ei melding om når utstillinga er ferdig og du kan hente bildet att.
- Du får diplom som bevis på at bildet ditt er stilt ut.

Dette kjenneteiknar bileta

- Landskapsmåleri, ofte med ei hytte, nær vatn, gjerne med ein fiskebåt, svanar på vatnet, ein holme, fjellandskap i bakgrunnen.
- Ein ser spor etter raske, horisontale penselstrøk med få detaljar.
- Bilda er laga frå cirka 1940 til 1965.
- Dei er målt med oljemåling på lerret, papp, tre- eller huntonit-plater.
- Vi ser ikkje etter bylandskap, portrett, stilleben, havmotiv eller abstrakte måleri.
- Vi ser ikkje etter måleri på papir, plakatar eller trykk.

- OBS: Biletet må ha ramme og opphengssystem (krokar, vaier eller liknande).

Har du ikkje eit slikt måleri som vi ser etter, men lyst til å bidra til utstillinga likevel?

Broder ditt eige strandamotiv med Alt Går Bra sitt nydelege broderi-kit! Bestill og les meir her: https://www.altgarbra.org/broderi/

Planlegg besøket ditt

Opningstider

2. januar — 31. desember
tysdag-sundag kl. 11-16
torsdag kl. 11-18
måndag stengt

Prisar

  • Barn 0–18 år: Gratis
  • Student/Honnør: 90 kr
  • Vaksne: 120 kr
  • Gruppe (15+*): 100 kr, ta kontakt på sfkm@misf.no

Her er vi

Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Storehagen 1A
6800 Førde