Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/juleverkstad-kunstmuseet-msf-05884-(1).jpg.

Open verkstad

Tidspunkt -

Kan ein lage kunst av ting vi kastar? Javisst! Denne laurdagen gjev vi brukt emballasje nytt liv og verdi.

Med brukt papp- og papiremballasje lagar vi skulpturar og collage (collage = eit bilde som er satt saman av mindre utklipp og materialbitar). De står fritt til å lage det dykk vil med emballasjen vi har funne fram. Treng de litt inspirasjon for å komme i gong? Ta ein tur i utstillinga «Pandoras øskje» og sjå på kunst laga av elevar frå Førde vidaregåande skule. På verkstaden er det saks, ulike typar lim (inkludert limpistol) og teip de kan bruke for å bygge skulpturar og lage collage. Ein museumsvert er tilstade på verkstaden og hjelper til med aktiviteten.

kunstmuseet/bille_pandoras-oskje_utstilling_elevverk.jpg.
I utstillinga "Pandoras øskje" kan de sjå mange kunstverk som er laga av brukt emballasje. Denne billa er laga av pappemballasje, av Henriette Linea Eimhjellen Kvellestad, elev ved Førde vidaregåande skule.
kunstmuseet/skulptur_pandoras-oskje_elevverk.jpg.
Frå utstillinga. Skulpturen "Grøn illusjon" av Yuliia Romaniuta, elev ved Førde vidaregåande skule.
kunstmuseet/collage_pandoras-oskje_elevverk.jpg.
Frå utstillinga. "Adults are clowns", collage av Cho Luan Bezerra Oppedal, elev ved Førde vidaregåande skule.
kunstmuseet/pandoras-oskje_utstilling_opning.jpg.
Besøk gjerne utstillinga "Pandoras øskje" før de kjem inn i verkstaden. Her kan de sjå kunst laga av diverse gjenbruksmateriale og brukt emballasje. Dei fleste verka er laga av elevar frå Førde vidaregåande skule, nokre verk er frå samlinga til museet.

Vi gjer oppmerksam på at det føregår ombygging på museet og vi har difor ikkje eit kafètilbod for tida. Vi har likevel open ei flott ny utstilling, med redusert inngongsbillett. Vaksen/student/honør 50 kr. Med inngongsbillett til museet får du adgang til både utstillinga og verkstaden. Born, 0-17 år kjem alltid gratis inn på museet.

BILLETTINFO:

Verkstaden er gratis for born i følge med betalande vaksen. Born under 12 år må ha følge av ein føresett.

For vaksne med årskort på museet er verkstaden gratis. Ellers gjeld vanleg inngangsbillett på museet.

Merk: alle som vil delta på verkstaden (uansett om du har årskort eller skal kjøpe billett) må registrere seg i resepsjonen først. Borna får utdelt sin gratisbillett der.

-

Førstemann-til-mølla-prinsippet gjeld for verkstadane. Er det mange som kjem samtidig må ein berekne litt ventetid før det blir ledig plass - vi gjer det vi kan for at alle skal få komme inn :-) Full verkstad når du kjem? Ta ei runde i utstillinga "Pandoras øskje" medan de ventar.