I høve kunstnaren sitt 85 års-jubileum syner Sogn og Fjordane Kunstmuseum heile si kunstsamling av Torsheim.
Oddvar Torsheim har vore ein del av Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) si historie heilt sidan starten. Torsheim sitt kunstnarskap, er eit kjennemerke for Sunnfjord, Sogn og Fjordane og Norge. Kunsten hans har bidrege til å setje Sunnfjord på kartet, med plass i det nye Nasjonalmuseet og gjennom god representasjon i kunstmuseet si samling.
I mange år hadde Fylkesgalleriet, seinare SFKM, eit stort deponi av Torsheim sine verk. Kunstmuseet gjorde sitt første innkjøp i 1989 og har hatt gleda av å ha fleire gruppeutstillingar og framsyningar av kunsten hans i våre tidlegare lokale, på det nye kunstmuseet i Førde og på Eikaasgalleriet.
Ved kunstnarens 75 års-jubileum i 2013 synte vi ei stor separatutstilling i SFKM. Nokre av kunstverka var frå eiga samling, medan mesteparten var innlån frå kunstnaren sjølv. Fleire verk hadde aldri vore vist før.
Då kunstnaren fylte 80 år i 2017 fekk museet støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til å sikre seg fleire kunstverk til samlinga. Same året kom boka Lyst og last, glitrande skrive av kunstkritikar Lars Elton. Den inneheld eit rikhaldig biletmateriale og innblikk i kunstnaren sitt liv. Kunstmuseet var med og bidrog til at denne blei verkeleggjort.
I høve kunstnaren sitt 85 års-jubileum syner SFKM heile si kunstsamling av Torsheim. Samlinga innehelder over 50 verk frå seks tiår med hovudvekt på 1970-talet. Den inneheld grafikk, teikningar, måleri og akvarellar. Motiva er humoristiske; med ironisk skråblikk på kjærleik, likestilling, miljøkamp, lokalkultur og verdspolitikk.
I tråd med vår samfunnsoppgåve som forvaltar og formidlar av kunst og kultur i regionen, vil Oddvar Torsheim vere ein viktig del av kunstmuseet si historie òg i framtida.
10% av billettinntekta går til Leger Uten Grensers arbeid med å gi livreddande helsehjelp og medisinar til dei som treng det mest.
For born og dei med årskort på museet er arrangementet gratis.
Samlinga synes òg andre stader i museets første etasje, i lag med traileren til dokumentar- filmen ”Idear frå Gud, djevel og dei fire verdshjørna - ein dokumentar om Oddvar Torsheim» (Smau media/Niccofilm).
Les meir om jubileumsfeiringa Oddvar Torsheim 85 år