Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/ta-meg-pa-ordet---fremoverlent.jpg.

Ta meg på ordet! - Ein kunstfilm av Thea Hjelmeland

Tidspunkt til
Stad Videorommet, Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Med denne leikne kortfilmen set kunstprosjektet OiOi skråblikk på språket vårt. Kva skjer om du faktisk må stå for det du har sagt? Og kva har AURORA og Trude Drevland til felles? 


I filmen "Ta meg på ordet!" tek kjende personar daglegdagse uttrykk bokstaveleg. Når ein politikar seier "Eg legg meg flat" har det ikkje lengre ein direkte link til handling. Filmen reflekterar rundt bruk av uttrykka, og om dei har mista si kraft.

Thea Hjelmeland er artist og kunstnar, og var med som musikar i OiOi på Festspillene i Bergen som 18-åring. 15 år seinare tek ho over stafettpinnen og vidareutviklar konseptet som format og retning. OiOi vil gjennom kunstfilm syne skråblikk på menneskets adferd og språk, og gjennom film-formatet vere tilgjengeleg for fleire. Kunstfilmen "Ta meg på ordet!" som Hjelmeland er kunstnerisk ansvarlig for, er også hennar regi-debut.

Bakgrunn:

OiOi er eit kunstkonsept etablert av musikar Ole Hamre (Fargespill) i 2008, som kunstnarleg leiar for Festspillene i Bergen sitt utandørsprogram. OiOi sin kunstnarlege visjon er å skape innhald som har fokus på å vere tilgjengeleg og skape mindre avstand mellom "den vanlege mannen i gata" og kunst. Gjennom interaksjon med publikum, skråblikk på adferd og språk, utvikla OiOi eit konsept som vart høgt elska av publikum for sin leikenheit. Sært og populært! -var slagordet. Dess særare, dess meir populært.

«Ta meg på ordet", 2024

Idé og regi: Thea Hjelmeland 

Produksjons selskap: Truewest as

Produsent: Njål Lambrechts