Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/terje-grimen-aka-tegson-msf-05560-crop-02.jpg.

URO – Tagging og broderi / Opningsfest

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Vi forvandlar vårt største utstillingsrom, Høgsalen, til byens beste klubb!

Laurdag 15. november sparkar vi gong URO, der vi saman med kunstnar Terje Grimen (Tegson) inviterer deg til å vere med å skape kunst. DJ Saif snurrar plater gjennom kvelden. Bli med og sett ditt spor på Høgsalen eller berre nyt musikken, sjå rommet endre seg sting for sting, strek for strek. Dette er "drink and draw" på eit heilt nytt nivå!

Dette skjer

  • Dørene opnar 1930, siste servering 2230

  • Open bar, velkomstdrikk med smak frå skogen

  • DJ Saif spelar til kl 2230

  • Terje Grimen utfordrer deg til å prøve teknikkar med broderi og tagging (tusj og maling)

kunstmuseet/dscf0701.jpg.
Foto: Heidi Hattestein

Kva er URO?

Kjerna og hjertet i prosjektet URO – Tagging og broderi handlar om vårt forhold til naturen. Frå taket heng ein installasjon av 85 kvadratmeter tekstil – som ein stor uro av skog og trestammar – skal den roe oss, eller bør vi bli uroa?

Du er invitert til å ytre deg og dele dine tankar, frustrasjonar, spådommar eller draumar med nål, tråd, tusj og maling! På tekstilane som heng frå taket kan du brodere fritt og veggane står klare til å bli fylt med tagging (tusj) og måleri. Denne kvelden kan du prøve deg med brodernåler, tusjar, malingsrullar og store penslar – eller berre henge ut, observere, oppleve og vere del av det som veks fram.

kunstmuseet/terje-grimen_broderi_hogsalen-03.jpg.
Terje Grimen i Høgsalen.

URO Tagging og broderi utforskar kontrastane mellom det mjuke og harde, mellom det skapande og øydeleggande. Teknikkane tagging og broderi kan begge tolkast som notidas hellerisningar. Du kan bidra til rominstallasjonen på ulike nivå, så stort eller lite du vil. Er du uroleg? Treng du å få ut litt uro? Slepp det ut! Denne kvelden blir ei feiring av gleden rundt å skape noko i felleskap. Tagg! Broder! Dans! Skap!

Velkomen!

Prosjektrommet URO – Tagging og broderi er opent frå 16. november-14. desember, i denne perioden kan publikum besøke og sette sine rolege og urolege spor i URO.

BILLETTINFO:

Student: kr 75

Vaksen: kr 100

Billett med årskort: GRATIS

kunstmuseet/terje-grimen-aka-tegson-msf-05553_skalert.jpg.
Tegson aka Terje Grimen
Terje Grimen / Tegson

Terje Grimen / Tegson (f. 1989) har bakgrunn frå Bergens urbane graffitimiljø på 2000-tallet, og arbeider i dag med abstrakte veggmaleri, tekstilkunst og kunst i offentleg rom.

Sidan 2013 har han utvikla eit kunstnarskap med både nasjonalt fokus og internasjonale perspektiv, der tematikkar som solidaritet, aktivisme og utanforskap står sentralt – ofte i spenn mellom lokale og globale kontekstar.

Kunst i offentleg rom er ei kjerne i Grimens praksis. Han har eit sterkt engasjement for at kunst skal være tilgjengeleg for alle, og jobbar med ein folkeleg og inkluderande tilnærming som inviterar til refleksjon og dialog i det offentlege rom.

Under bachelorstudiane ved Kunstakademiet i Tromsø vart han introdusert for tekstile teknikkar, noko som leia til ein mastergrad i materialbasert kunst ved Kunsthøgskolen i Oslo, med avgang i 2025.

Kontrasten mellom harde samfunnstemaer og bruken av mjuke material, som broderi, har stått sentralt i hans kunstnarlege utforsking dei siste åra. Han undersøker korleis materialval kan påverke bodskapet og opne for nye formar for dialog.