URO – Tagging og broderi
Eit levande kunstprosjekt på Sogn og Fjordane Kunstmuseum
I prosjektet URO – Tagging og broderi møter du kunstnar Terje Grimen (Tegson), som inviterer deg inn i eit rom der kunst vert til i samspel med publikum. Her blir du ikkje berre tilskodar, men medskapar – ein del av eit verk som stadig veks og endrar seg.
Frå taket heng eit tekstilt landskap på heile 85 kvadratmeter – som ein uro av skog og trestammar. Installasjonen rører ved spørsmålet om korleis vi forheld oss til naturen – skal den roe oss, eller bør vi bli uroa?
Du er velkomen til å setje dine eigne spor i rominstallasjonen. Med nål, tråd, tusj og maling kan du uttrykke tankar, kjensler og draumar – eller berre leike deg med form og farge. Tekstilane i rommet er opne for broderi, medan veggane ventar på tagging og måleri.
URO – Tagging og broderi handlar om kontrastar – mellom det mjuke og det harde, mellom det personlege og det politiske, mellom skaparglede og uro. For Terje Grimen har kontrasten mellom harde samfunnstema og bruken av mjuke materiale som broderi stått sentralt i kunstnarskapen dei siste åra. Han undersøker korleis materialval kan påverke bodskapet og opne for nye former for dialog.
Tagging og broderi kan begge lesast som samtidas hellerisningar – teikn på at vi finst, at vi meiner, at vi føler. Prosjektrommet URO – Tagging og broderi er ope frå 16. november til 14. desember, og du kan bidra så mykje eller lite du vil.
Terje Grimen / Tegson (f. 1989) har bakgrunn frå Bergens urbane graffitimiljø på 2000-tallet, og arbeider i dag med abstrakte veggmaleri, tekstilkunst og kunst i offentleg rom.
Sidan 2013 har han utvikla eit kunstnarskap med både nasjonalt fokus og internasjonale perspektiv, der tematikkar som solidaritet, aktivisme og utanforskap står sentralt – ofte i spenn mellom lokale og globale kontekstar.
Kunst i offentleg rom er ei kjerne i Grimens praksis. Han har eit sterkt engasjement for at kunst skal vere tilgjengeleg for alle, og jobbar med ein folkeleg og inkluderande tilnærming som inviterar til refleksjon og dialog i det offentlege rom.
Under bachelorstudiane ved Kunstakademiet i Tromsø vart han introdusert for tekstile teknikkar, noko som leia til ein mastergrad i materialbasert kunst ved Kunsthøgskolen i Oslo, med avgang i 2025.
Kontrasten mellom harde samfunnstemaer og bruken av mjuke material, som broderi, har stått sentralt i hans kunstnarlege utforsking dei siste åra. Han undersøker korleis materialval kan påverke bodskapet og opne for nye formar for dialog.