Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/a-motast_interview_siri-aurdal_hogsalen_2024_hbh.jpg.

«Å møtast» Siri Aurdal

Tidspunkt til
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

I utstillinga Å møtast kan du oppleve Siri Aurdal sitt monumentale kunstverk Interview (1968/2018). Den svevande installasjonen, laga i gjennomsiktig pleksiglas, dannar ein arkitektur som påverkar korleis publikum beveger seg gjennom fargerike og labyrintiske former.

Siri Aurdal sin eksperimentelle bruk av prefabrikkert industrimateriale for å skape store, teknisk komplekse kunstinstallasjonar var ei banebrytande nyvinning i norsk kunst på 1960- og 70-talet.

Ho var aktiv i det politiske og radikale kunstkollektivet GRAS på 70-talet, og idéstraumane ho møtte i Europa tidleg på 1960-talet, styrkte hennar tru på kunstens politiske og sosiale rolle. Ho la stor vekt på menneskeleg erfaring i kunsten og skapte verk som engasjerte publikum, der dei vart inviterte til å delta aktivt.

Aurdal ønskte å bryte ned tradisjonelle konvensjonar og gjekk vekk frå ideen om kunstnaren som isolert geni med individuelt uttrykk, til fordel for kollektive eksperiment. Hennar intensjon om å kombinere kunst med sosial interaksjon gav ho ein unik posisjon i kunstlivet. Det faktum at ein kvinneleg kunstnar stod bak dette arbeidet, var heilt utan sidestykke.

Arbeidet hennar vart lite verdsett i samtida, og frå 1980-talet av vart det vesentleg rolegare kring hennar kunstnarskap. Dei siste ti åra har ho derimot gjort eit markant comeback og fått ei anerkjenning som få kunstnarar oppnår. Sogn og Fjordane Kunstmuseum kjøpte Interview i 2021, og verket er det største og mest omfangsrike i samlinga. Innkjøpet er med på å gje Aurdal merksemda ho fortener, og fleire norske museum har i seinare år gjort store innkjøp av kunsten hennar.

Ordet intervju stammar frå det franske ordet entrevue, som igjen er sett saman av dei latinske orda inter («mellom») og videre («å sjå» eller «å møte»). Utstillingstittelen Å møtast er difor ein invitasjon til ein samankomst: eit møte mellom menneske der både kunstverket og Høgsalens arkitektur set tydelege rammer, men samtidig er dei fleksible og «sosiale» nok til å inkludere publikum og sette mennesket i sentrum.

I Aurdals kunstpraksis er forholdet mellom form, politikk og menneskeleg erfaring avgjerande. Utstillinga blir i tråd med dette ei moglegheit til å omfamne både kunstverket og rommet, samtidig som ho opnar for mellommenneskelege relasjonar og utveksling av opplevingar.

Om Siri Aurdal

Siri Aurdal (f. 1937 i Oslo) vart utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole og Statens Kunstakademi (1956-1961). Ho debuterte på den norske kunstscena på Høstutstillingen i 1961. I 1968 viste Aurdal for fyrste gong ein pleksiglassinstallasjon på Galleri Kringla, og skulpturane hennar i polyesterrøyr, Omgivelser, vart viste på Kunstnernes Hus i 1969. Etter å ha delteke i avgjerande og viktige utstillingar på Kunsthall Oslo (2013) og Kunstnernes Hus (2016), fekk ho sitt internasjonale gjennombrot på Veneziabiennalen (2017) med skulpturen Onda Volante. I 2018 heldt ho separatutstilling i Malmö Konsthall. Hennar monumentale verk Bølgelengder kan sjåast på Nasjonalmuseet.