Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/20230603_121205-a.jpg.

Utstillingsopning: Ingeborg Blom Andersskog. Å Tegne et Rom

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Velkomen til årets siste utstillingsopning på Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Denne kvelden viser vi utstillinga «Å Tegne et Rom» der kunstnaren Ingeborg Blom Andersskog eksperimenterar med tredimensjonal teikning. 

  • Utstillinga vert opna av styreleiar for Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane (KSF), Arild Eriksen.

  • Danseframsyning frå Danseverkstedet.

Kunstnaren vil vere til stades under opninga. Opningskvelden er gratis for alle, og alle utstillingane er opne for publikum.

Lett servering. Kafé Sobra held ope utover kvelden.

Sogn og Fjordane Kunstmuseum varetek kunstsenterfunksjonane i region Sogn og Fjordane til og med 2023. Separatutstillinga utgjer ein del av kunstsenterfunksjonane.