Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/dscf8344low.jpg.

Utstillingsopning: Linda Soh Trengereid. Gjenklang // Festivalutstilling

Tidspunkt
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Vi gler oss til å opne dørene til vår nye, monumentale sommarutstilling i Høgsalen!

I utstillinga Gjenklang blir publikum invitert inn i det vestlandske landskapet gjennom eit storslått panoramamåleri. Hovudverket – eit heilt nytt, monumentalt verk skapt spesielt for denne utstillinga – fyller høgsalen med si kraft og nærvær. Måleriet Gjenklang er heile 11 meter langt og 2 meter høgt, og er utført i kol og akryl. Det skildrar eit stemningsfullt skoglandskap der menneskeliknande vesen ser ut til å vere vevde saman med både røtene og sjølve landskapet – som om dei er ein del av naturen sjølv. Linda Soh Trengereid sine verk tematiserer landskap, tilhøyrsle og det tidlause. Ho løftar fram naturen som ein eldgamal forteljar – ei urstemme som har vore her lenge før oss, og som vil leve vidare etter oss.

Linda Soh Trengereid (f. 1984 i Seoul, Sør-Korea) voks opp på Sotra utanfor Bergen. I dag bur og arbeider ho i Bergen.

Program for kvelden:

  • 19:00 Dørene opnar, velkomst med aperitiff

  • 19:30 Offisiell opning. Introduksjon frå kurator og museumsleiar, Mayra Henriquez og Sølvi Lien, direktør for Førdefestivalen. Opningstale ved direktør og grunnleggjar av Høyersten Contemporary, Erlend Høyersten.

  • Musikalsk innslag ved gitaristen Ole André Farstad.

  • Kafè Sobra held ope

  • 21:00 Museet stenger

Gratis inngong // Velkomen til utstillingsopning!

kunstmuseet/dscf7525-medium.jpg.

I samarbeid med Førdefestivalen.

kunstmuseet/2_fordefestivalen_slagord_midnattblaa_raud_cmyk-1719299947.jpg.