Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
Skulptur laga av gjenbruksmateriale/emballasje. Skulpturen har forma til ei bille.

Utstillingsopning «Pandoras øskje»

Tidspunkt -
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Velkomen til opning av utstillinga «Pandoras øskje»!

Opningstalar ved elev ved Førde vidaregåande Hanna Tekla Poor, lærar Silja Juklestad, førstekonservator Kristine Kolrud. Konferansier avdelingsdirektør Tor Martin Leknes.

PROGRAM FOR KVELDEN:

18.00 – Dørene opnar, velkomst med apertif.
18:15 – Offisiell opning med talar og musikkinnslag ved Camilla Eikenes.
18:40 – Utstillina opnar.
20:00 – Museet stenger.

// Gratis inngong //

Utstillinga er resultatet av eit samarbeidsprosjekt mellom elevar ved Kunst, design og arkitekturlinja på Førde vidaregåande skule, Sunnfjord Museum og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Med gamal emballasje og anna gjenbruksmateriale som utgangspunkt har elevane utforska gjenbruk som kunstnarisk praksis og som del av både lokal historie og vår eiga samtid.

I møte mellom elevane sine eigne verk og utvalde gjenstandar og kunstverk frå samlingane til Musea i Sogn og Fjordane, blir grenser mellom avfall og verdi utfordra. Utstillinga opnar ein viktig samtale om verdi, kva vi vel å ta vare på, og kvifor.

VELKOMEN!