Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
Utstilling viser bøgde koparrør med grøne, tekstilbaserte kongleaktive gjenstandar.

Vestlandsutstillingen 2022: Monument.

Tidspunkt til
Stad Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Gruppa bak Vestlandsutstillinga har jobba mykje med å diskutere kva ei landsdelsutstilling som Vestlandsutstillingen er, og det faktum at den fyller hundre år i 2022. Kva for symbolikk ligg i eit hundreårsjubileum? Slike runde tal vert ofte tolka som ein invitasjon til å oppsummere det som har vore, og komme med spådomar for det som skal kome. I staden for berre å feire Vestlandsutstillingen som institusjon ønskjer vi å snu blikket innover mot sjølve markeringa (og i grunnen alle slike former for markeringar); for kvifor er det eigentleg så viktig å einast om historia, og kva rolle spelar kunsten i slike samanhengar?

Forumet for det offentlege ordskiftet er ikkje lenger på torg eller i rådhus, ikkje nødvendigvis på TV eller i avisene heller, men i aukande grad på nett gjennom uredigerte, lett manipulerte, sosiale medier. Kva betyr det offentlege rom i dag og kva potensial ligg det i kunsten som kommunikasjonsmetode i vårt medialiserte samfunn?

Ordet monument kjem frå det greske ordet mnemosynon og det latinske ordet monere, som betyr «å minnast», «å rådgje» eller «å advare», som impliserer at monument kan hjelpe oss å forstå fortida og føreseie framtida. Historisk sett har kunst blitt brukt til å visualisere all verdas hendingar og prominente individ og slik sementere visse forteljingar. Med monumentet som utgangspunkt reiser utstillinga spørsmål om førestillingane ein har til kunst i det offentlege som bidragsytar til ein slags kollektiv hukommelse. Kanskje er eitkvart monument dømt til å feile dersom ein har slike urealistiske forventningar til kva det skal oppnå. Ved å gje rom til små og personlege historier, trekkje fram kollektive prosessar, eller fremje handverk og materielle utforskingar, ønskjer vi å reflektere over kva for forteljingar vi omgjev oss med og kva inntrykk vi blir påverka av i det daglege, og kor vidt kunsten kan utgjere eit alternativ. Difor freistar ikkje utstillinga korkje å stadfeste eller tydeleggjere definisjonen av eit monument, men snarare å komplisere, utvide eller oppløyse omgrepet. Fordi kunsten trengs ikkje til å formidle ei sanning, men kanskje kan den så tvil om slike forenklingar og i staden minne oss på at det kan vere fleire.

Representerte kunstnarar

Cecilia Jonsson, Christoffer Eide, Dominique Hurth, Erin Sexton, Henrik Koppen, Icaro Zorbar, Jasmine Børresen, Kari Hjertholm, Kobie Nel, Louise Öhman og Joel Danielsson, Mathijs van Geest, Petra Dahlstrøm, Serina Erfjord, Stacy Brafield, Susanne Steen Christensen, Tora Endestad Bjørkheim

Stadspesifikke kunstverk

Mathijs van Geest (Haugesund), Icaro Zorbar (Ålesund), Petra Dahlstrøm (Øystese), Dominique Hurth (Stavanger), Cecilia Jonsson (Førde), Serina Erfjord (Bergen)

Kurator

Espen Johansen

Espen Johansen (1985, Noreg) er kunsthistorikar, kurator og skribent basert i Tromsø og Bergen. Han tek no ein PhD som kurator ved Kunstakademiet i Tromsø. Frå før har Johansen ein mastergrad i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen og ein grad i kreativ kuratering frå Kunst og Designhøgskolen i Bergen. I 2019 deltok han på det eittårige kurset ‘Negotiating Artistic Value: Art and Architecture in the Public Sphere’ ved Royal Institute of Art i Stockholm. Den kuratoriske praksisen hans er særleg fokusert på kunst i det offentlege rom og maktstrukturane i den offentlege sfæra.

Vestlandsutstillinga blir vist hos Sogn og Fjordane Kunstmuseum i samarbeid med Sunnfjord Kunstlag.

Illustrasjon: Tora Endestad Bjørkheim, "Suite", 2022, © Tora Endestad Bjørkheim / BONO. Foto: Maya Økland