Nysgjerrig på veggmåleri og gatekunst?
I denne workshopen leiar kunstnar Terje Grimen (Tegson) deltakarane gjennom skapinga av eit stort, felles veggmåleri i Høgsalen på museet. Workshopen er knytt til prosjektet URO – Tagging og broderi, og veggmåleriet blir del av rominstallasjonen som er open for publikum fram til 14. desember.
Alle får sin eigen veggplass, men grensene viskast ut: måleria flyt saman, møtest, og blir til eitt stort felles verk. Gjennom workshopen får du utforske ulike teknikkar med måling, penslar og rullar — og for dei som vil nå høgare, finst både lange malingsstenger og stigar. Terje Grimen deler av si erfaring frå gatekunst og veggmåleri. Han utfordrar, inspirerer og hjelper deg å finne ditt eige uttrykk i det store kollektive bildet.
Workshopen passar for dei som har interesse for og erfaring med teikning eller måleri. Du treng ikkje førebu noko visuelt før workshopen, men reflekter gjerne over forholdet ditt til naturen, som er den underliggande tematikken i rominstallasjonen elles.
Alt av utstyr og måling er inkludert i billetten, du treng berre ta med eigne måleklede.
Vaksen: kr. 475
Student/under 25 år: kr. 275
Aldersgrense 18 år
Kun få plassar!
Terje Grimen / Tegson (f. 1989) har bakgrunn frå Bergens urbane graffitimiljø på 2000-tallet, og arbeider i dag med abstrakte veggmaleri, tekstilkunst og kunst i offentleg rom.
Sidan 2013 har han utvikla eit kunstnarskap med både nasjonalt fokus og internasjonale perspektiv, der tematikkar som solidaritet, aktivisme og utanforskap står sentralt – ofte i spenn mellom lokale og globale kontekstar.
Kunst i offentleg rom er ei kjerne i Grimens praksis. Han har eit sterkt engasjement for at kunst skal være tilgjengeleg for alle, og jobbar med ein folkeleg og inkluderande tilnærming som inviterar til refleksjon og dialog i det offentlege rom.
Under bachelorstudiane ved Kunstakademiet i Tromsø vart han introdusert for tekstile teknikkar, noko som leia til ein mastergrad i materialbasert kunst ved Kunsthøgskolen i Oslo, med avgang i 2025.
Kontrasten mellom harde samfunnstemaer og bruken av mjuke material, som broderi, har stått sentralt i hans kunstnarlege utforsking dei siste åra. Han undersøker korleis materialval kan påverke bodskapet og opne for nye formar for dialog.