– Eit sjumilssteg for Kvernsteinsparken, seier museumsleiar Alexander Rauboti, og pakkar ut det symbolske beviset på at no, no har dei to tilsette fått sitt eige kontorbygg inne i parken. Eit skilt som skal henge ved sidan av døra.
Skjermar og stolar og Billy-hyller og ein oppstadvev og flyttekassar og møtebord og ei øskje med Zalo. Alt har kome med på flyttelasset frå dei gamle lokala nede i Hyllestad sentrum, til nytt kontorbygg nokre hundre meter lenger oppe – inne i sjølve Kvernsteinsparken.
– Det er utruleg fint å vere på plass. Dette vert ein ny kvardag, smiler Rauboti, som har hatt god hjelp på denne aller siste etappen av eit langt løp.
– Det er veldig kjekt å vere med å sjaue for oss som normalt jobbar mest administrativt. Godt å sjå det fysiske resultatet av det du held på med, seier Jan Heggeim, administrerande direktør i Musea i Sogn og Fjordane.
Svært nøgd med resultatet
– Bygget har blitt veldig fint, og fell godt inn i heilskapen. Det tek ikkje merksemda vekk frå parkbygga. Og så er det funksjonelt. Her har vi det vi treng til våre folk som skal ha heilårs arbeidsplassar og ha det bra, seier administrerande direktør Jan Heggheim.
Det er Hyllestad kommune som eig bygget. Overlevering av nøklar og synfaring er gjennomført. Musea i Sogn og Fjordane, som Kvernsteinsparken er ein del av, står som leigetakar. Det inneheld eit absolutt minimum, med tre kontor, felles møterom og kantine, garderobe med dusj og wc og lager.
Fram til no har det altså ikkje vore tilsette fast i parken utanom sommarsesongen. Dei har hatt kontor i ymse nærliggande lokale. No vert forholda for både dei og gjestene mykje betre. Alt dei treng for drifta vert no tilgjengeleg i parken, og små og store førefallande oppgåver blir det lågare terskel for å ta seg av. Sjølvsagt, ein slepp ein treminutts biltur for å få noko gjort.
– No er vi jo her, folk slepp å leite etter oss. No kan vi gå ut å møte gjester, anten det no er avtalte møte eller publikum. Vi ser dei rett utanfor kontorvindauga og dei ser oss. Dette kjem til å påverka drifta vår stort, seier han Rauboti.
Rom for fleire
– Kvernsteinsparken har to tilsette, kven er det tredje kontoret til?
– Vi samarbeider veldig tett med Fjordkysten regional- og geopark, som i fjor fekk Unesco-status som global geopark. I og med at Kvernsteinsparken er eit visningssenter for dette her i Hyllestad, håpar vi det blir høve til å dele kontorlokalet med geoparken, seier Rauboti.
Eit felles kontor med nære samarbeidspartar trur han vil vere positivt for både arbeidsmiljøet og fagmiljøet. Han håpar dei saman kan få til meir enn dei to kvar for seg – få synergiar.
– Det vil nok også merkast att for publikum på formidlinga om vi kjem under same tak. Vi driv jo formidling om både geologisk tidsalder, det vil sei fleire hundre millionar år, og om kulturhistorie. Om Unesco får adresse her, vil det også vere ei ekstra pil som peikar i vår retning. Det vil bety noko for kor mange besøkande vi får, trur Rauboti.
Han er glad for at dei tilsette endeleg får fast tilhaldsstad i parken året rundt, at nokon kan representere oss i parken heile året. Det blir enno viktigare no når staden er ein del av Unesco-systemet. Og så er ikkje nybygget enden på visa, men eit startpunkt for å ta vidare steg.
Startpunkt for vidare utvikling
– Dette er eit viktig løft, men ikkje siste stopp. Her er det lagt til rette for vidare utvikling med å utvide til eit meir heilskapleg visningssenter. Eg håpar og trur Kvernsteinsparken vil vere ein viktig stad i regionen, og viktig del av geoparken. Suksessen til Kvernsteinsparken har jo også samanheng med om geoparken lykkast. Vi har mykje å tilføre, og har trua på å spele kvarandre gode, seier Heggheim.
Heggheim er nøgd med at Musea i Sogn og Fjordane endeleg har klart å komme Hyllestadsamfunnet litt i møte.
– Dette var jo noko vi lovde, og no er vi eit steg vidare på vegen. Det var ikkje alle som hadde den store trua på Kvensteinsparken si samanslåing med Musea i Sogn og Fjordane, men dette viser at vi både kan og vil, avsluttar Heggheim.