Arbeidet med å fremje Kvernsteinshistoria i Hyllestad starta i eit lokalt engasjement på byrjinga av 90-talet. Kvernsteinslauget med frivillige eldsjeler var skipa og i samarbeid med kommune, skulen og lokalbefolkninga elles starta arbeidet med å få kvernsteinsbrota i Hyllestad på dagsordenen. Dei klarte å vekke interesse og få på plass gode faglege samarbeidspartnerar. Her engasjerte universitetsmiljøet, Riksantikvaren og Norges geologiske undersøkelse seg i kvernsteinsbrota her ytst i Sognefjorden.
I 2002 vart Kvernsteinsparken opna av Dronning Sonja. Det store lokale engasjementet fekk på plass Kvernsteinsparken. Her kan ein få ei innføring i teknikkar og historia gjennom visningsbrota og ta del i fleire relevante aktivitetar som gjev eit godt innblikk i den store industrien som har vore her.