MiSF Kvernsteinsparken i Hyllestad og Sunnfjord Geo Center i Stongfjorden utgjer kvar sitt episenter i Fjordkysten regional- og geopark. I år vil vi i fellesskap markere Geologiens dag i Prestegarden Kulturhus i Hyllestad. I opningstida 12-16 byr vi på spanande formidling og aktivitetar knytt til geologien og kulturhistoria i regionen vår:

Program
Lærerike aktivitetar og formidling v/Sunnfjord Geo Center
Føredrag "Slett ikkje urørd natur" v/Kari Hjelle, museumsdirektør Universitetsmuseet i Bergen (NB: Kl. 13:00)
Bygg musklar med hønematmaling på kortreiste handkverner
Kulturhuskafé med kaffi og marmorkake på menyen!m.m.
Arrangementet er ope for alle. Gratis inngang.
Fjordkystparken fekk i vår status som UNESCO global geopark, ein av kun fem i Noreg, og vi vil gjennomføre ei markering av dette.
Velkomen!