Hausten er her, og samband med skuleferien inviterer vi til kjekke og lærerike aktivitetsdagar med steinhoggar Filippo i Kvernsteinsparken! Museet med steinhoggarløype og utstillingar er ope, og i tunet byr vi på følgjande opplegg:
Steinhoggartorsdag 10.10. kl. 11-15: Utforsk steinhoggarverda! Denne dagen vil vi verte betre kjende med Hyllestadgullet (les: granatglimmerskifer), og dukke ned i produksjonen av både kvernstein og andre gjenstandar. Lær om dei gamle teknikkane som har blitt brukt i generasjonar til å forme stein til nyttige og vakre ting. Kva med å prøve deg på litt steinarbeid sjølv? Vi lovar lærerike og hands-on opplevingar for både små og store!
Strategifredag 11.10. kl. 11-15: Er du klar for å teste dine strategiske ferdigheiter? Vi inviterer deg til å lage ditt eige Hnefatafl-brettspel – eit gamalt vikingspel som utfordrar både tankegang og taktikk. Kven veit, kanskje kan du bli Hyllestadmeister i Hnefatafl? Kom og prøv deg i denne spanande konkurransen som passar for alle!
Steinkunstlaurdag 12.10. kl. 11-15: Har du nokon gong halde ein bit kleberstein eller marmor i handa? No har du sjansen til å bli kjend med desse unike steinslaga, som har blitt brukt i kunst og handverk i tusenvis av år! Vi arrangerer kunstaktivitetar der både dei små og dei vaksne kan utforske si kreative side. Kleberstein og marmor er fantastiske materialar å jobbe med!
Steinkrossøndag 13.10. kl. 11-15: Vi tek i eit steg inn i den digitale verda med ei spanande virtuell formidling av prosjektet "We Are Learning"! Skuleåret 23-24 jobba 7. trinn frå Hyllestad skule hardt for å gi deg eit innblikk i steinkrosstematikk, kulturhistorie og handverkstradisjonar. Bli med på denne innovative formidlinga frå kl. 11 til 15, og oppdag historia gjennom auga til dei unge formidlarane!
Oppmøte i resepsjonen ved elva. Ordinære billettprisar gjeld (born 0-17 gratis, vaksen 120,-, honnør/student 90,-). Nytt gjerne høvet til å kjøpe årskort til Musea i Sogn og Fjordane ;)
Hjarteleg velkomen til små og store!