Er du mellom 12 og 18 år, og likar å vere ute og vere aktiv? Er du interessert i natur, kulturarv og tradisjonshandverk, og ynskjer å bli med på å ta vare på kulturlandskapet og kulturarven vår? Vi søkjer deg! Saman med Fjordkysten regional- og geopark inviterer vi til haustopen dag i Kvernsteinsparken - ein del av prosjektet "Ung i Park" i Hyllestad:
AKTIVITETAR I KVERNSTEINSPARKEN
Steinarbeid: Prøv deg som steinhoggar! Lær korleis folk i Hyllestad har nytta naturlege ressursar tidlegare, og korleis ein har forma fjellet og landskapet her gjennom 1000 år. Lær å hogge i granatglimmerskifer med tradisjonelle verktyg med ein ekte steinhoggar! NB: Ope for alle - ordinære billettprisar gjeld.
Arbeid i smia (11:30-15:00): Prøv deg som smed i ei tradisjonell smie. Her får du lære å varme opp og forme jarn på gamlemåten, saman med ein erfaren læremeistar. NB: Påmelding grunna avgrensa plass - deg mellom 12 og 18 vert prioritert.
Plantefarging av ullgarn: Prøv deg på plantefarging av ullgarn – sjå dei flotte fargane ein kan lage av det som veks i naturen! Saueull er naturleg og nyttig, og vi bør verte flinkare til å bruke den. NB: Påmelding grunna avgrensa plass - deg mellom 12 og 18 vert prioritert.