Kvernsteinsparken
kvernsteinsparken/kvernsteinsmarknaden_2023_msf_01814_foto_henning_a.__hellebust-(1).jpg.

Kvernsteinsmarknaden 2024 - jubileum på tusenårsstaden!

Tidspunkt -
Stad Kvernsteinsparken i Hyllestad

Hjarteleg velkomen til ein innhaldsrik marknadsdag i Kvernsteinsparken! Vi feirer historia med familievenlege aktivitetar, kulturelle innslag, fagleg påfyll og - ikkje minst - bugnande salsbodar! I år inngår dessutan marknaden som ei av mange attraksjonar i den nyetablerte helgeopplevinga "Sommargry i Hyllestad" - sjekk det ut på Facebook!

PROGRAM I KVERNSTEINSPARKEN

11:00 - 15:00 OPNINGSTID FOR MARKNADEN
NB: Jubileumsmarkering og vandringar kl. 12:00, 13:00 og 15:00.

AKTIVITETAR i opningstid
Hesteaktivitetar Indrefjord Gard
Opa smie MiSF Kvernsteinsparken
Sommarfiske for born Hyllestad Jakt- og Fiskelag
Vikingleir Frendar Vikinglag
Lær meir om kalk og tjøre ved kalkomnen
Den Galne Geologen Graniti
Kunstutstilling i Storehuset Kulturskulen i HAF
Konkurranse Hyllestad Sogelag

UTSTILLARAR i parken
Marknadsvarer for sal - varm og kald mat frå fjern og nær, rykande fersk bakst og lokale smakar, vakkert trearbeid, varmande heimestrikk, sommarlege blomar, såper frå havgapet, historie frå Hyllestad og forteljekunst frå Fjaler. I tillegg kan du gjere deg betre kjend med ulike lag og organisasjonar frå regionen.

12:00 - 12:45 JUBILEUMSMARKERING ved Storehuset
Tonar frå vest // Keiko Matsui-Li
Verdiåret 2024 - Kystpilegrimsleia // Tonje Ramse Trædal / Regionalt Pilegrimssenter Selje
Steinkrossane frå Hyllestad // Irene Baug / Norsk Kvernsteinsenter
Songstemning // Fjordklang

13:00 EKSPERTVANDRING TIL KROSSBROTET // Irene Baug / Stiftinga Norsk Kvernsteinsenter

15:00 HÅPSVANDRING frå Nøkkelstaden Kvernsteinsparken via Hyllestad gamle kyrkjegard til Hyllestad kyrkje // Den norske kyrkja (eige program på Facebook)


INNGANGSBILLETT/PRISAR
Vaksen 120 kr
Honnør/student 90 kr
Born (0-17) 0 kr

I år kan du kjøpe billett på førehand! Du finn dine billettar her: Museumsbillett




Planlegg besøket ditt

Opningstider

15. juni — 18. august
11-17 kvar dag sesongen 2024.

Prisar

  • Vaksen: 120 kr
  • Student/honnør: 90 kr
  • Born/unge under 18 år: Gratis
  • Gruppe*: 100 kr

Her er vi

Kvernsteinsparken
Kontor
Lifjordvegen 9
6957 Hyllestad