Tradisjonen tru vert det friluftsmarknad i Kvernsteinsparken! Vi feirer historia med familievenlege aktivitetar, kulturelle innslag, handverk, fagleg påfyll og - ikkje minst - god mat. Nyt sosialt samvere og sprudlande stemning på tusenårsstaden. Velkomen!
Vil du vere utstillar?
Vil du selje eigenproduserte varer i fast eller flytande form, til nytte, pynt eller mage? Formidle kunnskap frå farne tider? Fremje eit ålmennyttig lag eller ein organisasjon? Vi vil gjerne høyre frå deg i dag - eller seinast innan 1. juni!

Sommargry i Hyllestad
Kvernsteinsmarknaden er eitt av fleire sjølvstendige arrangement under festivalen "Sommargry i Hyllestad". Kulturopplevingar står på menyen denne pinsa - sjå eigne sider for meir informasjon om dette.