Kvernsteinsparken
Ein mann med skjegg kledd i vikingkostyme dreg handkverna.

Kvernsteinsmarknaden 2026

Tidspunkt -
Stad Kvernsteinsparken i Hyllestad

Velkomen til marknad i Kvernsteinsparken!

Bugnande boder med tradisjonshandverk og lokale smakar. Midt i eit kulturlandskap av dei sjeldne feirer vi historia med familievenlege aktivitetar, kulturelle innslag og - ikkje minst - god mat.

Aktivitetar i utval

  • Hesteaktivitetar - Indrefjord Gard

  • Sommarfiske for born - Hyllestad Jakt- og Fiskelag

  • Vikingleir - Frendar Vikinglag

  • Kalkbrenning og tjøremakeri - Kvernsteinslauget

  • Leikebåtverkstad og aktivitetar - Kystmuseet i Sogn og Fjordane

  • Sorteringskonkurransar for små og store - Sunnfjord Miljøverk

  • Opa smie - Kvernsteinsparken

kvernsteinsparken/kvernsteinsmarknaden-2024-frendar-vikinglag-04191.jpg.
I Vikingleiren kan du oppleve entusiastar frå Frendar Vikinglag - eit lag som markerer 10 år i 2026!
To elevar og ein skjeggete smed held glødande jarnstenger i smia.
I smia kan du få teste gamalt handverk.

Utstillarar

Bodar og stands med - vakkert trearbeid, nålebinding, varmande heimestrikk, sommarlege blomar, mat og rykande fersk bakst og lokale smakar, historie frå Hyllestad og forteljekunst frå Fjaler. I tillegg kan du gjere deg betre kjend med ulike lag og organisasjonar frå regionen.

Stor stemning for små og store under Kvernsteinsmarknaden. Foto: Jostein Vedvik.

Program

Vi tilbyr kulturelle opplevingar og aktivitetar, mattilbod og marknadsbodar i heile opningstida til arrangementet. Om lag midt i opningstida får ein i tillegg høyre

  • Velkomst til Kvernsteinsmarknaden // museumsleiar Alexander A. Rauboti

  • Kvernsteinskontoret på plass - ein milepåle // Hyllestad kommune og Musea i Sogn og Fjordane

  • Det skjer i Fjordkystparken // Fjordkysten regional- og geopark v/dagleg leiar Trude Søilen

  • NB: Programmet vert oppdatert fram mot marknadsdagen - endringar kan førekome.


INNGANGSBILLETT/PRISAR
Vaksen 140 kr
Honnør/student 110 kr
Born (0-17) 0 kr

kvernsteinsparken/215a8499.jpg.
Glad i dyr? Tradisjonen tru stiller to- og firbeinte vener frå Indrefjord Gard på marknaden.
Sommargry i Hyllestad

Kvernsteinsmarknaden er eitt av fleire sjølvstendige arrangement under festivalen "Sommargry i Hyllestad". Ei rekkje kulturopplevingar står på menyen - sjå eigne sider for meir informasjon på sommargry.no

Smilande kvinner i ei bod.
Friluftsmarknaden består av boder og telt. Arkivfoto frå 2023.
Vil du vere utstillar?

Hjå oss kan du selje eigenproduserte varer i fast eller flytande form, til nytte, pynt eller mage. Formidle kunnskap frå farne tider eller fremje eit ålmennyttig lag eller ein organisasjon. Om dette er noko for deg, vil vi gjerne høyre frå deg i dag - eller seinast innan fredag 29. mai!