Norsk Reiselivsmuseum Norsk Reiselivsmuseum
Utstillingslokale med skjermar og monterar.

Om Norsk Reiselivsmuseum

Historia

Fyrste gong ein drøfta ideen om å etablere eit reiselivsmuseum var i 1980. Leiarane i Norsk Folkeferie og Turisttrafikkomiteen for Bergen og Vest-Norge såg at bransjekunnskapen som var bygd opp gjennom heile 1900-talet, var i ferd med å gå tapt.

Dei tok difor fyrste initiativet for å få sett i gang arbeidet med å bygge opp ein institusjon som systematisk og målretta arbeidde med dokumentasjon og formidling av reiselivshistorie. Tanken i 1980 var å legge museet til Bergen, men manglande interesse førde til at hotelldirektør Per Kvikne, den gong turistsjef Leif Grinde og høgskulerektor og historikar Johs. B. Thue òg greip tak i ideen og fekk lagt museet til Balestrand. Fylkeskultursjef Lidvin Osland i Sogn og Fjordane gav straks si tilslutning til prosjektet.

Etablert i 1986

Våren 1986 stilte statsråden for Kultur- og vitskapsdepartementet seg positiv til etablering av eit museum for reiselivsnæringa. Museet vart tilrådd godkjent og 18. november 1986 vart stiftinga Vestnorsk Reiselivsmuseum skipa, som den einaste i sitt slag i Norden. Museet var fyrst planlagt å dekke Vestlandet si reiselivshistorie, men i 2001 vart det bestemt at museet skulle vera landsdekkande og namnet Vestnorsk Reiselivsmuseum vart endra til Norsk Reiselivsmuseum.

I 2007 vart Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand ei avdeling i De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, som frå 2009 vart ei avdeling i den konsoliderte organisasjonen Musea i Sogn og Fjordane. Alle dei statleg støtta musea i fylket er samla i denne organisasjonen.

Museet hadde alt frå starten planar for korleis oppbygginga skulle skje. Det vart skaffa antikvariske bygg på kaia i Balestrand til utstillingar, i påvente av at eit større museumsbygg skulle reisast.

Nytt bygg opna i 2016

Det viste seg at det skulle ta tid å få reist dette bygget. I 2001 vart det auka merksemd kring samspelet mellom næring og kultur. Dette kom museet til gode. Politisk vart Norsk Reiselivsmuseum no sett på dagsordenen. I 2004 løyvde Sogn og Fjordane fylkeskommune midlar til bygging av museet og i 2005 vart det løyvd frå Balestrand kommune. Hausten 2007 starta eit samarbeid med Statsbygg, som då alle planar var ferdige, tilrådde at museet vart bygd. I 2009 løyvde Kultur- og kyrkjedepartementet midlar, slik at bygget vart fullfinansiert. Bygget sto ferdig våren 2015 og opna for publikum 29. april 2016.