Norsk Reiselivsmuseum Norsk Reiselivsmuseum
norsk-reiselivsmuseum/2-balestrand-kommune-skilt.jpg.

Film: Balestrand si historie, «Herre i eige hus i 170 år»

Tidspunkt -
Stad Norsk Reiselivsmuseum, Balestrand

Johs B. Thue fortel Balestrand si historie «Herre i eige hus i 170 år»

I samband med kommunesamanslåinga i 2020 vart det arrangert festmiddag i Kviknesalen. Der heldt den kunnskapsrike historikaren Johs B. Thue (1940-2020) eit engasjerande føredrag om Balestrand si historie, sin identitet og utvikling gjennom 170 år (1849-2019).

norsk-reiselivsmuseum/skald-forlag.png.
Foto: Skald Forlag

Føredraget (ca. 25 min) vart filma av Lars Jonas Pedersen, og Norsk Reiselivsmuseum ønskjer no å gje publikum høve til å oppleva denne historiske forteljinga på nytt.

Pris: kr 100 (betaling i døra).                                                             

Inkl. servering i kafé Vindreken etter filmvisinga. Det blir også boksal (nokre av Johs sine bøker) i museumsbutikken. .

Planlegg besøket ditt

Opningstider

17. august — 17. oktober
Tysdag - sundag kl. 11.00-16.00
For å få mest mogleg ut av besøket ditt, tilrår vi å setje av minst ein time.

Prisar

  • Vaksne: 140 kr
  • Born 0-17 år: gratis
  • Student/Honnør: 110 kr
  • Årskort (fri inngang MiSF i 1 år): 475 kr

Her er vi

Norsk Reiselivsmuseum
Holmen 12
6899 Balestrand