Norsk Reiselivsmuseum Norsk Reiselivsmuseum
norsk-reiselivsmuseum/konservator-kristine-ness-liten.jpg.

Foredrag: Ammekoner frå Sunnfjord

Tidspunkt -
Stad Norsk Reiselivsmuseum, Balestrand

Torsdag 29.januar kl 18 kan de høyra Kristine Ness (konservator/arenaleiar Tinghuset) fortelja om ammekonene frå Sunnfjord.

På 1700- og 1800-talet vart gifte kvinner frå Sunnfjord ettertrakta som ammer i Bergen. Mange reiste frå heim og familie for å oppfostra andre sine barn, og mange var vekke lenge før dei vende heim igjen.

Kva gjorde sunnfjordkona så attraktiv som amme hos byborgarskapet? Kva innebar tenesta for kvinnene sjølv, og kva konsekvensar fekk det - både på kort sikt, i form av gode levekår og løn, og på lengre sikt når dei vende heim att til bygda.

I føredraget møter vi sunnfjorammene gjennom kjelder, sitat og bilder. Vi ser nærare på kven dei var, kvifor dei reiste, kva slags goder som følgde, og korleis dette kvinnearbeidet prega både livshistorier og bygdesamfunnet.

Pris: 100

Planlegg besøket ditt

Opningstider

20. oktober — 14. desember
Torsdag - laurdag kl. 11.00 - 15.00

Prisar

  • Vaksne: 130 kr
  • Born 0-17 år: gratis
  • Student/Honnør: 100 kr
  • Årskort (fri inngang MiSF i 1 år): 430 kr

Her er vi

Norsk Reiselivsmuseum
Holmen 12
6899 Balestrand