Norsk Reiselivsmuseum Norsk Reiselivsmuseum
norsk-reiselivsmuseum/hoyvik-monster.png.

Foredrag: «Drakar og åklevev»

Tidspunkt -
Stad Norsk Reiselivsmuseum, Balestrand

Foredrag: «Drakar og åklevev»

v/ Eli-Grete Høyvik

Mot slutten av 1800-talet vart Balestrand i Sogn eit levande sentrum for kunst og nasjonsbygging. Til denne vesle bygda der Sognefjorden er på sitt breiaste, kom kunstnarar og reisande frå heile verda for å fanga lyset, naturen, mytene og det særnorske uttrykket.

Midt i denne spennande tida finn vi treskjeraren Ivar Høyvik og kona Eli, som slo seg ned her i 1907 og bygde eit liv av kunsthandverket sitt. Han laga møblar i drakestil medan ho broderte, sydde bunadsdelar og vov fargerike åkle. Gjennom forteljinga om Ivar og Eli får vi eit levande møte med ei tid då den norske identiteten blei forma gjennom kunst, handverk og arkitektur.

Pris: 150,- (betaling i døra)

norsk-reiselivsmuseum/ivar-og-eli.png.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

17. august — 17. oktober
Tysdag - sundag kl. 11.00-16.00
For å få mest mogleg ut av besøket ditt, tilrår vi å setje av minst ein time.

Prisar

  • Vaksne: 140 kr
  • Born 0-17 år: gratis
  • Student/Honnør: 110 kr
  • Årskort (fri inngang MiSF i 1 år): 475 kr

Her er vi

Norsk Reiselivsmuseum
Holmen 12
6899 Balestrand