Norsk Reiselivsmuseum Norsk Reiselivsmuseum
norsk-reiselivsmuseum/thereseb.png.

Foredrag: «Kvinnelege fjellklatrarar» - Til topps med bukse i sekken

Tidspunkt -
Stad Norsk Reiselivsmuseum, Balestrand

Foredrag: «Kvinnelege fjellklatrarar» - Til topps med bukse i sekken.

v/ Mary Ann Menes

På slutten av 1800-talet byrja kvinner å erobre fjelltoppar i Alpane, før dei retta blikket mot fjella i nord. William Cecil Slingsby, kjend som «norsk tindesports far», var tidleg ute med å oppmuntre kvinner til å klatre.

Gjennom foredraget møter vi mellom andre Therese Bertheau, Margaret Sophie Green Kvikne og den britiske klatrepioneren Elisabeth Le Blond. Ho måtte utfordre dei strenge viktorianske kleskodane som rådde i Storbritannia og resten av Europa.

Desse kvinnene sprengde grensene for kva som vart rekna som akseptabel kvinneleg åtferd i si tid. Overgangen frå skjørt og korsett til meir praktiske klatreklede gjekk hand i hand med kampen for kvinner sine rettar og auka fridom.

Pris: 150,- (betaling i døra)

norsk-reiselivsmuseum/kv.klatrarar2.jpg.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

17. august — 17. oktober
Tysdag - sundag kl. 11.00-16.00
For å få mest mogleg ut av besøket ditt, tilrår vi å setje av minst ein time.

Prisar

  • Vaksne: 140 kr
  • Born 0-17 år: gratis
  • Student/Honnør: 110 kr
  • Årskort (fri inngang MiSF i 1 år): 475 kr

Her er vi

Norsk Reiselivsmuseum
Holmen 12
6899 Balestrand