Norsk Reiselivsmuseum og Balestrand Bibliotek inviterer torsdag 5.mars 2026 til foredrag med frilansjournalisten Inge Kjell Holme.
I foredraget «Slingsby og historiske klatrekvinner» fortel Inge Kjell Home om denne spennande tida for norsk friluftsliv. Her dreg han linjer til notida og viser døme på kvinner som har trossa motbør ved deltaking i mannsdominerte idrettar.
2026 blir eit viktig år for alle som er glad i Fjellsport og Tindesport i Noreg sidan året markerer 150-årsjubileet for starten av den norske Tindesporten.
Hovudpersonen i denne historia er britiske William Cecil Slingsby som med den fyrste bestiginga av Store Skagastølstind i 1876 gjekk inn i historia som «Den Norske Tindesportens far».
Mindre kjent er at Slingsby også var ein pådrivar for å få kvinner inn i alpinsporten. I ei tid då kvinner som prøvde seg på fjellklatring vart latterleggjort, var Slingsby ein støttespelar for kvinner som ville utfordra fjella. Dette inkluderer også historia til Margaret Sophia Green Kvikne, Balestrand sin eigen tindeklatrar.
Inge Kjell Holme har arbeidd 50 år som journalist. Han har ei rekkje naturproduksjonar for NRK TV/ NATUR og radio bak seg. Blant dei er dokumentaren om brannen på Turtagrø Hotell, som vart mest sett på NRK Ut i naturen, isklatring i Vettisfossen og «Den nye naturen» , om Aurlandsdalen. Holme er også ei kjend røyst som kommentator for NRK Sport og Discovery.
Pris: 200
Foto: Knud Knudsen/ Marcus Spesialsamling– Margaret Sophia Green Kvikne
Foto: Ferdinand Scheldrup, William Cecil Slingsby, 1908