Norsk Reiselivsmuseum Norsk Reiselivsmuseum
norsk-reiselivsmuseum/ingrid-foredrag.png.

Gal og genial? - Biletkunstnaren Hans Gjesme si tid ved Gaustad sjukehus

Tidspunkt -
Stad Norsk Reiselivsmuseum

Gal og genial? – Eit føredrag om biletkunstnaren Hans Gjesme si tid ved Gaustad sjukehus 1955-1971.

Føredragshaldar – Ingrid Norum (Seniorrådgjevar, Sogn og Fjordane kunstmuseum).

Biletkunstnaren Hans Gjesme (1904—1994), kjend for sine saftiggrøne framstillingar av landskapet i Lærdal, og for fargesterke portrett av familie og sambygdingar, var lagt inn på Gaustad sjukehus i Oslo i 16 år. Kunstverka han skapte der har sjeldan vore vist eller omtala, som biletkunst skapt på psykiatrisk institusjon generelt i norsk kunsthistorie. Med utgangspunkt i Gjesme sine verk, brev og notat, pasientjournalen, samtalar med tidlegare tilsette på Gaustad og samanlikning med andre innlagte kunstnarskap, kastar dette føredraget lys over kva Gjesme skapte på Gaustad og korleis sjukdommen påverka kunstnarskapet. Dei mange verka fortel om korleis det var å vere psykisk sjuk og syner fram nye sider av den lukka verda innanfor gjerdet på Gaustad.

Føredraget vert heldt i samband med utstillinga "Gal og Genial?" i Sogn Kunstsenter 2024-2025