Norsk Reiselivsmuseum Norsk Reiselivsmuseum
norsk-reiselivsmuseum/haustbilde.jpg.

Haustferie på museet

Tidspunkt til
Stad Norsk Reiselivsmuseum, Balestrand

I haustferien blir det ulike aktivitetar for dei yngste, i tillegg til vårt vanlege tilbod.

Tysdag 6. og onsdag 7. oktober kl. 12 – 15 blir det open verkstad på museet.

Kumi himo er japansk og tyder «samlande trådar». Kumihimo er eit gamalt handverk frå det 6. hundreåret, som er kunsten å flette snorer og trådar. Du kan lage ditt favorittmønster ved å velje farge på trådane og flette dei i ei viss rekkefølge.

norsk-reiselivsmuseum/kumihimo-band.jpg.

Eit meir fullstendig haustferieprogram (frå museet og våre samarbeidspartnarar Balestrand Bibliotek og Balestrand Frivilligsentral, kjem etter kvart her på denne nettsida.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

17. august — 17. oktober
Tysdag - sundag kl. 11.00-16.00
For å få mest mogleg ut av besøket ditt, tilrår vi å setje av minst ein time.

Prisar

  • Vaksne: 140 kr
  • Born 0-17 år: gratis
  • Student/Honnør: 110 kr
  • Årskort (fri inngang MiSF i 1 år): 475 kr

Her er vi

Norsk Reiselivsmuseum
Holmen 12
6899 Balestrand