Også i år er Norsk Reiselivsmuseum medarrangør av Jul i Balestrand. Sjølve julemarknaden er open frå 11 - 16, medan museet held ope 11 - 15 denne dagen. Det blir utstillingsopning (salsutstilling v/ elevar frå Sygna vgs - sjå eige oppslag), juleverkstad i biblioteket og sal av fine gåver i butikken. I kafe Vindreken kan du kjøpa graut / saft og julegløgg - i tillegg til mykje anna godt.