Norsk Reiselivsmuseum Norsk Reiselivsmuseum
norsk-reiselivsmuseum/bilde.png.

Jul på museet - Juleutstilling

Tidspunkt -
Stad Norsk Reiselivsmuseum, Balestrand

Utstillingsopning: Juleutstilling ved elevar frå Sygna vidaregåande skule

For femte året på rad presenterer elevar ved Kunst, design og arkitektur på Sygna vidaregåande skule ei eiga juleutstilling på museet. Her får publikum sjå eit utval av elevarbeid innan kunst, design og handverk, med høve til å kjøpa fleire av arbeida.

I tillegg byr museet på juleverkstad i biblioteket, opne utstillingar, musikk og servering.

Vi ønskjer små og store velkomne til Jul på museet.

norsk-reiselivsmuseum/img_4356.jpg.

Planlegg besøket ditt

Opningstider

17. august — 17. oktober
Tysdag - sundag kl. 11.00-16.00
For å få mest mogleg ut av besøket ditt, tilrår vi å setje av minst ein time.

Prisar

  • Vaksne: 140 kr
  • Born 0-17 år: gratis
  • Student/Honnør: 110 kr
  • Årskort (fri inngang MiSF i 1 år): 475 kr

Her er vi

Norsk Reiselivsmuseum
Holmen 12
6899 Balestrand