Norsk Reiselivsmuseum Norsk Reiselivsmuseum
Drakestilhuset Bom Bom i Balestrand.

Kunstnarkolonien Balestrand

Stad Drakestilshuset Cooper-huset

Ideen om kunstnarkoloniar oppstod rundt 1830 i Barbizon søraust for Paris. Dette var ei rørsle der nye stilartar vaks fram og sette varig preg på kunstverda. Kunstnarkoloniane spreidde seg vidt i ulike kyst-, fjell og skoglandskap. Det var fridomen og lausrivinga frå den strenge og formaliserte romantikken som var mykje av drivkrafta bak. Landskapsmotiva endra uttrykk og fekk eit realistisk preg, utan strenge reglar for komposisjon. Landskapet vart tema og ikkje kulissar.

norsk-reiselivsmuseum/norsk-reiselivsmuseum,-thomas-bickhardt-bickfoto-(2).jpg.
norsk-reiselivsmuseum/99e10a34-ee8d-4e89-9ed0-23eb7b27511b-wml-(1).jpg.
Fotoeigar: A. Feten. Interiør i villa Jotunheim, nytta som kafé og kunsthandel

Balestrand vart tidleg knytt til eit europeisk kunstmiljø. Inspirerte av det særeigne lyset, det dramatiske fjordlandskapet og mystikken bak dei mange historiske minnesmerka i området, etablerte fleire kunstnarar seg i sommarvillaer og drakestilshus i bygda – og ein kunstnarkoloni oppstod.

Sjølve utstillinga ligg i eit av drakestilshusa, som er ein del av Norsk Reiselivsmuseum. Der får du òg ei oversikt over dei andre villaane i bygda, samt eit utval av tilboda av prefabrikkerte drakestilshus som kunne tingast hjå Jocob Digre Trælastfirma i Trondheim.

norsk-reiselivsmuseum/70910419-006b-418d-a01e-5efdeea24d03-wml.jpg.
Fotoeigar: A. Feten. Proff. Hans Dahl framfor villa Strandheim