Norsk Reiselivsmuseum Norsk Reiselivsmuseum
norsk-reiselivsmuseum/nrm.jpg.

Norsk Reiselivsmuseum - 10 år på reise

Stad Norsk Reiselivsmuseum, Balestrand

Norsk reiselivsmuseum – 10 år på reise

Den 29. april 2016 opna Norsk reiselivsmuseum formelt dørene i Balestrand. No, snart ti år seinare, ser me attende på ei innhaldsrik og mangfaldig reise.

norsk-reiselivsmuseum/nedlegging-av-grunnstein-nrm.jpg.
Nedlegging av grunnsteinen til Norsk Reiselivsmuseum, Liv Signe Navasete

Høgdepunkt frå ti år med formidling og aktivitet

Sidan opninga har museet vore ein stad for utforsking av norsk reiselivshistorie, både dei store linjene og dei nærare, menneskelege forteljingane. Gjennom faste og mellombelse utstillingar, foredrag, seminar og arrangement har me vist korleis reise, arbeid, kunst, handverk og møte mellom menneske har forma både lokalsamfunn og nasjon.

Blant høgdepunkta frå desse åra finn me:

  • Utstilling om fotografen Wilhelm Anton Georg Dreesen (1840-1926) - fotograf, globetrottar, påverkar

  • Utstilling om regionale vevtradisjonar, der handverk, materialkunnskap og lokal identitet har stått i sentrum

  • Utstilling om kaien som møteplass, ei forteljing om ankomst, avreise og om korleis Balestrand vart eit knutepunkt for reisande frå inn- og utland i regionen

  • Utstillinga om Catharine Hermine Kølle (1788–1858), den kvinnelege kunstnaren, forfattaren og vandraren frå Ulvik, som utfordra si tid og etterlet seg eit heilt særeige livsverk.

  • Utstilling om hesteskysstradisjonar, ei påminning om reiselivet før motoren tok over

  • Vandreutstillinga «Hytta – fire veggar rundt ein draum», som har nådd ut til eit breitt publikum også utanfor Balestrand

I tillegg har museet vore vertskap for ei rekkje føredrag, seminar og arrangement, mange av dei knytte til høgtider og tilbod særleg retta mot barn og unge.

norsk-reiselivsmuseum/opning.jpg.

Møteplassar for kunnskap og samarbeid

Museet har òg vore ein aktiv arena for faglege møte og samarbeid, mellom anna:

  • Seminar om sveitsarstil (2021) i samarbeid med Fortidsminneforeininga og Balestrand Sogelag

  • Nasjonal konferanse for kulturforsking: Reise (2022), i samarbeid med Forening for kulturforsking

  • Catharine Hermine Kølle-symposium (2024) og Pattern Language (2024) i samarbeid med Kunstbygda Balestrand

  • Seminar om vev og vevtradisjonar (2025), med fokus på både tradisjon, souvenirproduksjon og attåtnæring

norsk-reiselivsmuseum/image-(24).jpg.
Aud Ross Solberg - Vevseminar 2025

Takk for støtta – lokalt og internasjonalt

Norsk reiselivsmuseum opplever stor støtte lokalt. Folk i bygda og regionen har vore, og er, utruleg flinke til å støtta opp om aktiviteten vår. Det er me utruleg takksame for. Samstundes er me i hovudsesongen heilt avhengige av våre internasjonale gjester. Balestrand er, tross alt, ei reiselivsbygd og museet er ein del av denne levande historia.

Me vil retta ein stor takk til alle som har besøkt oss gjennom desse ti åra, og ein heilt særskild takk til alle våre gode samarbeidspartnarar som har bidrege sterkt til våre utstillingar, seminar og foredrag. Også takk til dugnadsgjengen vår, som stiller opp og hjelper til med både stort og smått og dei lokale handverkarane/ fagfolka som alltid stiller opp for oss.

Utan dykk alle hadde ikkje reisa vore den same.

norsk-reiselivsmuseum/dugnad.jpg.
Dugnadsgjengen på vår-dugnad i 2023

Vidare ferd

Ti år er ein milepåle, men samstundes eit utgangspunkt. Me gler oss til ferda vidare, til nye utstillingar, nye samarbeid, nye møte og nye forteljingar.

Takk for dei første ti åra!

Planlegg besøket ditt

Opningstider

21. april — 21. juni
Tysdag - sundag kl. 11.00-16.00
Vi er opne tysdag - sundag kl. 11.00-16.00

I tillegg held vi ope 25. mai

Museet er stengt:
1. mai, 6.mai (anna arrangement), 14. mai og 17. mai

Prisar

  • Vaksne: 140 kr
  • Born 0-17 år: gratis
  • Student/Honnør: 110 kr
  • Årskort (fri inngang MiSF i 1 år): 475 kr

Her er vi

Norsk Reiselivsmuseum
Holmen 12
6899 Balestrand