Norsk Reiselivsmuseum Norsk Reiselivsmuseum
norsk-reiselivsmuseum/bunad4.png.

"På leit etter konehuer og vovne band frå Sogn"

Tidspunkt -
Stad Norsk Reiselivsmuseum, Balestrand

«PÅ LEIT ETTER KONEHUER OG VOVNE BAND FRÅ SOGN»

Den stiva konehua i Sogn har røter langt tilbake i tid, og har aldri vore heilt ute av bruk. Hovudplagget er ein viktig del av sognebunaden.  Vovne band har i Sogn vore i bruk til hårband, belte, selar, forkleband, stakkeband sokkeband, reiveband mm. Men vi finn lite av dette på våre museum. No kan du hjelpe oss å ta vare på tekstilkulturen vår!

På informasjons- og registreringsmøte på Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand vil Sogn Bunadnettverk fortelje og vise fram det vi veit om den stiva konehua og vovne band. Men like viktig er å få folk til å kome med sine/slekta sine konehuer og band for registrering. Vi vil måle storleik, notere detaljar om materiale, saum og vevnad, og om mogleg kven som har laga/brukt tekstilet.  Slik kan me ta vare på tekstilhistoria vår og ta den med inn i framtida! NB: Huer/band treng IKKJE vere stiva, reine eller heile.
Sogn Bunadnettverk har som målsetting å få fleire til å kjenne historia til og bruke våre konehuer og band.

Er du interessert i temaet og/eller har du ei konehue, eit eller fleire band, ser vi fram til å møte deg. Veit du om andre som har slike tekstil, inviter dei gjerne med deg!

Hjarteleg velkommen! Pris: 150,-(betaling i døra, inkl kaffi/kake og foredrag)