Norsk Reiselivsmuseum Norsk Reiselivsmuseum
Gjester ser på ei utstilling av bilder av berømte reisemål.

Reiseliv i Noreg

Stad 2. høgda i hovudbygget

Alle foto: Thomas Bickhardt/Bickfoto

I hovudutstillinga Reiseliv i Noreg, er det lagt vekt på å vise den historiske utviklinga av den moderne turismen her i landet, frå starten av 1800-talet og fram til våre dagar.

Landet vart «oppdaga» i åra etter 1814, etter at Noreg fekk eiga grunnlov. Kunstnarar, landmålarar og geologar var dei som oppdaga landet utanfor dei store byane. Landet vart etter kvart sett på som ein stad for rekreasjon i vakkert og vilt landskap, eller ein stad der ein kunne måle krefter med råskapen i fjellheimen eller i elvestryka.

Dampskip, jernbane – og etter kvart vegar – gjorde landet stadig meir tilgjengeleg, og Noreg var eit eksotisk reisemål for utlendingar. Fram til fyrst på 1900-talet var det likevel berre ei mindre gruppe i samfunnet som hadde råd og tid til å reise. Etter fyrste verdskrigen, og særleg etter den andre, fekk folk flest betre råd og meir fritid, med regulerte ferielover som førde til at svært mange kunne ta del i den aukande turismen. I dei siste 60-70 åra eksploderte turismen og utvikla seg til ein global industri. No reiser alle lag av befolkninga. Reiselivsnæringane har vore svært viktige i Noreg.

Gjester studerer utstillinga.

Sjølv etter ein pandemi som sette ein brå stoppar på reiselivet, er det framleis rekna som ein viktig sysselsetjingsfaktor for norske kommunar. Reiselivsnæringane genererte 130 milliardar kroner i verdiskaping i 2019, og opplevde sterk vekst dei siste åra før pandemien, både i Noreg og internasjonalt. Menon Economics forventar at norsk reiseliv er attende til normalsituasjon i 2025. Samstundes set reiselivet store fotavtrykk på kloden vår.

Reiser

Kvifor reiser me? – fordi me vil, fordi det er hyggeleg, fordi me kan. Sjølv om coronaviruset var ei påminning om risikoen ved tette samlingar av folk, viser tal frå statistisk sentralbyrå at etter to år med fråfall av reiser, er reiseaktiviteten i 3. kvartal 2022 på høgd med tida før pandemien. Reiselyst har me!

norsk-reiselivsmuseum/norsk-reiselivsmuseum,-thomas-bickhardt-bickfoto-(47).jpg.

Det å reise for 150 år sidan var noko heilt anna enn å reise i dag. Langt frå alle har like klare mål for reisa, men dei fleste veit kva dei ynskjer å oppleva. Thomas Cook grunnla det som reknast som verdas fyrste reisebyrå i Leicester i 1841. Reisebyrå og reiseoperatørar fokuserar på å lage praktiske pakketilbod for reisande. I dag ynskjer fleire og fleire å planleggje sine eigne reiser, då det meste av informasjon finnast på nettet, og billettar kan tingast online.