Foredrag ved Alexander Rauboti, museumsleiar Kvernsteinsparken i Hyllestad.
Av dei kjende steinkrossane som har pryda Vestlandskysten i 1000 år er over halvparten hogne i Hyllestad. Museumsleiar i Kvernsteinsparken, kunsthistorikar Alexander Asphaug Rauboti, vil kaste ljos over eit utval kulturhistoriske krossar som har funne vegen frå steinbrota ytst i Sognefjorden til strategiske stader i vår region. Kva veit vi eigentleg om desse? Kven tinga dei, og kvifor? Kvar finn vi dei i dag? Velkomen til føredrag om glimrande steinkrossar frå Hyllestad!

Steinkrossar frå Hyllestad – kulturskattar langs kysten
Tidspunkt
-
Stad
Norsk Reiselivsmuseum