De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/090ffc44-59ad-4c86-9eb0-b0d69d2dab37-wml.jpg.
Geithusbui

Denne sengebua kjem frå Geithus ved Arnafjorden i Vik kommune og vart bygd i 1596. Årstalet er skore inn over døra, ilag med nokre strekar som truleg tyder at bua var ferdig 1.juli dette året. Bua er lafta i ein etasje, med sval langs tre av veggene og dør i båe gavlane. Svala langs kortveggen vart kalla «loppesvòli», kanskje fordi dei lufta og rista sengekleda her.

Slike sengebuer var vanlege mange stader i Sogn, og her var det plass til mange overnattingsgjester. Langs kvar langvegg er det tre veggfaste senger på rad. På kvar side av døra til loppesvòli er ein stige med uthogne trinn som fører opp til bualemmen, der det også er sengeplassar. Med folk i alle senger ei sein gjestebodsnatt kunne det sikkert vera litt av ei stemning her!

I brystveggen oppe på lemmen er det eit glasmåleri som truleg er minst like gammalt som sjølve sengebua – og dermed kan vera blant dei eldste i landet. Det er 45x45 cm, har blyglasramme og viser ein rytter med ein lyfta luntelåspistol i handa.

På inste døra og eine sengestolpen er det måla tjørekrossar og ringkrossar til vern om dei som sov her. På golvet står vakkert dekorerte kister og ferdaskrin, der dei kunne lagra statsklede og anna utstyr.

de-heibergske-samlinger/gjethusbui-1695991955.jpg.