De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/59c07d9c-95ea-4895-943b-0dc40d5216f9-wml.jpg.
Heljagardsstabburet

Stabburet kjem frå Heljegarden, grannegarden til Haugen i Jostedalen, og er bygd tidleg på 1800-talet. I sjølvbergingssamfunnet var det eit mål å ha nok korn, kjøt og annan mat frå ei årstid til neste, og maten vart lagra på stabburet. Her er to rom: I det eine lagra dei spekekjøt, flesk og turka sild («bokesild»), og i det andre var det bører til korn, mjøl og flatbrød. Matmora hadde ansvaret for det livsviktige matlageret, og ho bar frå gammalt ofte stabbursnøklane i beltet. Stabburet kviler på kraftige trestabbar. Denne byggjemåten hindra mus og rotter i å koma inn, og han gjorde at maten vart turt og luftig lagra.