De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/dhs-sf-thomas-bickhardt-bickfoto-(36)-1696835497.jpg.
Henjasanden

Strandsitjarplassen låg ved fjorden på Hermansverk, Leikanger, og var ein av fleire husmannsplassar under garden Henjum. Han vart kalla Jørondstova, etter Jørond Jonsdatter Henjum, som var gift med møllar Anders olson Gjerde. Dei var besteforeldre til syskena Kari og Anders Henjesand, dei siste som budde her - til 1974 og 1980. Folket på Henjasanden var husmenn med jord. Attåt gardsdrifta var Anders tønnemakar som faren, og Kari arbeidde på saftfabrikken. Museet fekk overta alle husa meed møblar og innbu, slik at tunet no framstår som ein autentisk heim.

Stova står på ein tjukk grunnmur med kjellar. Ho har gang, kammers og stove - med trapp opp til halvlemmen. framfor gangdøra er det eit lite eldhus med open grue og skorstein. Stova og kammerset er tømra og bordkledde, og gangen er bygd i reisverk. Alderen på stova er noko uviss, men årstalet 1784 er skore inn på beten. Eldstaden har vore i endring: Ljoren i taket tyder på at stova opphavelg hadde røykomn. Seinare vart det nok open peis, før dei fekk jarnkomfyren som framleis står her - sjølv om dei også fekk elektrisk magasinkomfyr i 1960-åra. Stoveveggene er tapetserte med bygningspapp, og her heng familiebilete og bibelord. Over stolryggen heng kleda, og her er radio og aviser, men verken innlagt vatn eller fjernsyn.

Fjøsen har steinvegger på tre kantar og ein tømmervegg. På det meste hadde dei 4 kyr, 18 sauer og 1 gris. Oppå fjøsen er løa, med låve (treskjerom) i midten, og høybrot og kornbrot på kvar side. Naustet er tømra. Seinare vart ein ny etasje i bindingsverk påbygd som lager for tønnestavar, og då vart heile naustet bordkledd. I vedhuset er det utedo - med plass til to.

de-heibergske-samlinger/22---henjasanden---(2).jpg.