De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/20---kvitevoll-(2).jpg.
Kvitevollstova

Huset er bygt rundt 1840 på Kvitevollen ved Dale kyrkje i Luster, av kapteinsenkja Catarina Elisabeth von der Lippe de Knagenhielm Daae Oeding. I 1860 vart det selt til lensmann Carl Bjørnholdt, og huset er no innreidd som eit lensmannshus. I det gamle standssamfunnet stod lensmannen høgt på rangstigen; over dei vanlege bøndene, men under embetsfolket.

Kvitevollsstova er samanbygd av to eldre tømra hus med ein gang i midten, til eit midtgangshus i seinempirestil. Taket er halv-valma med pannestein, og stova mange store vindauge. Utanpå tømmeret er det liggjande bordkledning, der tre sider er kvitmåla. Baksida har raud måling, fordi den var billegare.

Huset er møblert etter borgarleg buskikk sist på 1800-talet. Spisestovemøblar, taffelpiano og spegel er i bidermeierstil, medan dekketøyskap og skatollet av valnøttre er i seimempire. Skatollet frå 1830 er kjøpt i Danmark. Eit ovalt bord med stolar i finstova har tapetserte vegger, praktfulle jarnomnar og lysekroner. I det store kjøkenet er et grue, arbeidsbenk og utstyr som steintøy, koparformer og mortar. I kjøkkenet er det eigen inngang til tenarane, og innafor kjøkenet er det spiskammer.

Soverommet er møblert med både himmelseng og pottestol. I andre etasjen er det også to soverom. Måleria i finstova er portrett frå familien til lensmann Rusten på Leikanger, måla av Olav Rusti(1850-1920) og den tyskfødde kona, Frida Hoeck Rusti(1861-1963). mykje av møblane er også komne frå familien Rusten.

Etter at velferdssenteret i Sogndal vart selt i 2012 fekk museet overta inventar frå Leigh-legatet, og den eine stova i Kvitevoll er no gjenskapt med dette interiøret.

Dueslaget

I Kvitevollhagen står eit kvitmåla, sekskanta dueslag med midtfot. Det er bygt i 1850-åra av lensmann Jerstein, i Nedre Amla, Kaupanger.

de-heibergske-samlinger/2016-plakat---9-(2).jpg.