De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/dhs-sf-thomas-bickhardt-bickfoto-(19)-1696250602.jpg.

Har du sansen for 60-talet og vil oppleva glimt frå denne tida, er Leitehuset noko for deg.

Huset er teikna av arkitekt Per Lingaas og vart bygt i bustadfeltet Leite i Sogndal i 1964. Det er 76 m2, bygt i éin etasje med brunbeisa panel og såkalla husmorvindauge. Det er innreidd som ein tidsriktig heim med «moderne» kjøken med oppvaskbenk av stål, varmt og kaldt vatn, elektrisk komfyr og kjøleskåp. Stovemøblane er av teak, og fjernsynsapparatet er det naturlege midtpunktet. Klede, anna innbu og utstyr avspeglar også tida.

I lag med Melheimshuset frå 1940-åra og ferdighuset Stella frå 1980-åra gjev Leitehuset eit godt inntrykk av korleis buformene endra seg på 1900-talet.

de-heibergske-samlinger/leitehuset.jpg.