De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/melheim-1696250838.jpg.
Melheim

I 1993 fekk museet tilbod om å overta eit hus frå garden Melheim på Indre Hafslo. Huset vart rive, lagra nokre år og i vår var det ferdig sett opp att på museet. Huset som vart bygd i 1939/40, skulle opphavleg nyttast som eit kårhus på garden, men det vart aldri teke i bruk som det. Kona til kårkaren døydde tidleg, og han vart buande hjå sonen til han sjølv døydde på byrjinga av 1960 talet.
I den første tida vart huset brukt av ei søster av gardbrukaren, seinare brukte ein bror det som feriehus. Elles har huset ofte stått tomt, men det har og vore leigd ut i periodar til både barnlause par og barnefamiliar.

På museet vart Melheimshuset sett opp att i nærleiken av Stella-huset frå byrjinga av 1980-talet. Denne delen av museet, skilt frå husa frå det gamle bondesamfunnet, skal syne korleis folk budde og levde gjennom 1900-talet og korleis stilar og trendar endra seg gjennom tiåra. I denne samanheng skal Melheimshuset representere slutten av 1930- og byrjinga av 1940-talet. I ettertid har vi og fått eit hus frå 1960-talet.